Lokal | 16. jan. 2021

Har kontroll på ungdomar etter innbrot på skule

Politiet undersøker no korleis dei kom seg inn.

Har kontroll på ungdomar etter innbrot på skule
Onsdag var politiet på skulen grunna brann, i dag var det innbrot. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. jan. 2021 13:48

Politiet fekk klokka 14.30 melding om mogleg innbrot på Os ungdomsskule.

– Patruljen er på staden og har kontroll på tre ungdomar, fortel Vest politidistrikt klokka 14.45.

Dei undersøker no korleis ungdomane tok seg inn på skulen.

Os ungdomsskule var utsett for ein liten brann onsdag ettermiddag. Brannen starta i eit bosspann klokka 17.55, skulen var låst frå klokka 15.30.

Røykskade frå brannen gjorde at heile skulen har vore stengt torsdag og fredag, og klasseromsfløyen der brannen starta, som 8. trinn bruker, er òg stengt i neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.