Lokal | 05. mars 2021

Har oppretta sak etter ulykka

E39 var stengt i nesten seks timar etter ulykka i går kveld.

Har oppretta sak etter ulykka
E39 var stengt i nesten seks timar i natt. Her frå rundkøyringa ved Uno X. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 05. mars 2021 08:59

Like før midnatt i går kom det melding om eit trafikkuhell på E39.

Etterkvart vart det klart at eit vogntog i retning nordover mot Bergen hadde treft midtrabatten like ved dei to Espira-barnehagane på Kuventræ.

Vegen blei raskt stengt, og det vart oppretta omkøyring via Os sentrum.

Skal ha vore ein hjort - mykje å rydda

Politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand, kan i dag fortelja at vegen ikkje vart opna att før nærare klokka fem i dag tidleg.

– Det var mykje oljesøl på staden som brannvesenet tok seg av, og dei jobba med dette heilt fram til klokka halv fem i natt. Etter dette var det framleis ein del opprydding å gjera, men rundt klokka fem vart vegen altså opna opp igjen for trafikk.

Lyssand seier at sjåføren av vogntoget har fortald at han prøvde å styra unna det som truleg var ein hjort i vegbana. I denne unnamanøveren trefte vogntoget midtrabatten.

– Det er oppretta sak etter ulykke, avsluttar Lyssand.

I tillegg til oljesøl var det ein del materielle skadar på ulykesstaden. (Foto: Ørjan Håland)
I tillegg til oljesøl var det ein del materielle skadar på ulykesstaden. (Foto: Ørjan Håland)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.