Lokal | 18. juni 2015

Hatvikvegen godkjent

Plan- og bygningsutvalet skrytte av vegvesenet og godkjente torsdag områdereguleringa for Hatvikvegen.

Hatvikvegen godkjent
Områdeplanen for Hatvikvegen blei godkjent i PBU og skal no til endeleg handsaming i kommunestyret (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 18. juni 2015 14:11

Bildeserie:

Planområdet del 1 (ill: Statens Vegvesen/ABO)
Planområdet del 1 (ill: Statens Vegvesen/ABO)
Planområdet del 2 (ill: Statens Vegvesen/ABO)
Planområdet del 2 (ill: Statens Vegvesen/ABO)
Planområdet del 3 (ill: Statens Vegvesen/ABO)
Planområdet del 3 (ill: Statens Vegvesen/ABO)
1 av 3
Planområdet del 1 (ill: Statens Vegvesen/ABO)
Planområdet del 2 (ill: Statens Vegvesen/ABO)
Planområdet del 3 (ill: Statens Vegvesen/ABO)

I desember 2013 vedtok plan- og bygningsvalet å legga områdereguleringa for Hatvikvegen ut til offentleg ettersyn. Torsdag fekk dei planen tilbake for endeleg godkjenning før den går til kommunestyret.

– Eg synes faktisk Statens Vegvesen har gjort eit godt stykke arbeid i høve dialog med naboar og berørte partar. Dei har flytta på ting og funne løysinger. Eg trur dei har gjort eit godt arbeid og hatt ein god dialog. Her har vi kanskje noko å læra. Her har vi fått ein trafikksikker plan, kommenterte Terje Sperrevik (TVS).

Han fekk følgje av Gustav Bahus.

– Eg har òg inntrykk av at det har vore ein fantastisk dialog med naboane. Kanskje ikkje alle har fått det slik som dei ville, men dei har blitt høyrd og tatt på alvor. Rett nok ser det ut som ein har gløymd å gjera ei justering i kartet etter dialogen med ein av naboane. Eg har oppfatta at vegvesenet og den aktuelle naboen er samnde, så vi må berre sørgje for at kartet blir rett, påpeika Bahus.

31 fråsegn og merknader

Gjennom to høyringsrunder har dei berørte partane uttalt seg og kome med innspel.

– Det kom inn 6 offentlege fråsegn og 25 private merknader. Fylkesmannen bad om dialogmøte og peika på fleire ulike tema som måtte avklarast før planen kunne godkjennast.

– Planen vart justert i samsvar med konklusjon frå dialogmøte, blant anna med eigen rapport om viktige naturtyper. Planen vart lagt ut på ny begrensa høyring. Det kom inn 2 offentlege fråsegn og 6 private merknader.

– Dei siste arkeologiske registreringane vart gjennomførte i vår, det vart ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne, forklarte plansjef Asle Andås om samarbeidet i saksutgreiinga.

Om planen

Planområdet er på ca. 216 daa. Den aktuelle vegstrekninga av Hatvikvegen er omtrent 4 kilometer lang og går frå Stølsvegen til Hatvik ferjekai. Bruken av areal som grenser til eksisterande veg er hovudsakleg bustader, landbruksområde, naturområde og trafikkareal. Fleire av bygningane ligg tett inntil dagens vegtrase.

Vegstrekninga som no skal regulertast ligg i eit LNF-område (landbruk-, natur- og friluftsområde) i gjeldande arealplan. Elles viser gjeldande arealplan eit eksisterande bustadområde langs Midtbøvegen og eit framtidig bustadområde på Klyve. I tillegg grensar planen inn til gjeldande kommunedelplan for Bjånes.

Det planlagde vegsystemet følgjer Statens vegvesen sin vegnormal 017.

For strekninga frå avkjøring til golfbanen og til Klyva, og siste del ned til ferjekaien er vegklasse S1 nytta, ÅDT 0-12 000 og fartsgrense 60 km/t.

Frå Klyva til Hatvik er vegen bygd som vegklasse S2, ÅDT på 0-4000 og fartsgrense 80 km/t.

ABO plan & arkitektur har utarbeida planen. Os kommune er forslagsstillar, i samarbeid med Statens vegvesen og Hordaland Fylkeskommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.