Sport | 05. juni 2019

Høgt rangert før debuten i «allround-NM»

Emil Austevoll Harlem er blant Noregs tre beste allroundsvømmarar før ÅM i Rogaland til helga.

Høgt rangert før debuten i «allround-NM»
Emil Austevoll Harlem utanfor Osbadet før trening måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. juni 2019 08:42

Årsklassemeisterskapen i svømming er som eit allround-NM for aldersbestemte klassar. Førehandskvalifiserte gutar og jenter frå 13 til 16 år konkurrerer i fem øvingar før samanlagmeister blir kåra.

Emil Austevoll Harlem (14) var kvalifisert i fjor òg, etter suveren siger i landsdelsårsklassemønstringa (LÅMØ), men deltok ikkje i konkurransen mot meisterane i dei andre landsdelane.

– Vi tok avgjerda saman, seier Emil, og siktar til trenarane, som òg er foreldra, Thomas Harlem og Elin Austevoll.

– Svømmesesongen hadde vore lang, og fotballsesongen var godt i gang. Dessutan skulle eg på leirskule med klassen.

I årets LÅMØ (aldersbestemt vestlandsmeisterskap allround) vann han med endå større margin, og denne gong skal han til den riksdekkande årsklassemeisterskapen.

Emil speler fotball på førstelaget til Os G14, men har stått over nokre kampar i oppkøyringa.

– Éi enkelt vending kan vera avgjerande

ÅM går i Klepphallen sør for Stavanger i pinsen. Her skal deltakarane svømma desse fem øvingane: 400 m fri, 200 m rygg, 200 m bryst, 100 m butterfly og 200 m medley.

Ved å køyra meisterskapen som ein kamp om samanlagtsiger lokkar svømmeforbundet fram allsidige utøvarar. Og nettopp det allsidige er Emil sin styrke.

Tidene hans er stort sett dei 4. beste i Noreg, men samanlagt er han rangert som nummer 3, og det er svært tett mellom poengsummane i toppen.

– Han som er rangert rett bak meg, på 4. plass, er på juniorlandslaget fordi han er svært god på to distansar, forklarer Emil.

– Samanlagt ligg det an til å bli svært jamt, eg trur alle innanfor topp 5 på rankinga har stor sjanse til å vinna. Det kjem nok til å handla om å unngå tekniske feil, éi enkelt dårleg vending kan vera nok til at pallplassen ryker.

Øver på å vera sliten

Vending er noko av det Emil har terpa på i innspurten til meisterskapen på Klepp.

– Eg har òg øvd på å halda teknikken skjerpa på tampen av distansen, når eg er sliten.

– Men du lettar vel opp på treninga inn mot konkurransen, for å få ein formtopp?

– Det er ikkje sånn at det er treningsfri, men vi køyrer litt kortare intervall og litt lengre pausar no fram mot helga, seier Emil Austevoll Harlem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.