Lokal | 17. mars 2020

Human-Etisk Forbund avlyser konfirmasjonane

Råkar rekordmange 100 konfirmantar.

Human-Etisk Forbund avlyser konfirmasjonane
Oseana skule vera vertsskap for fire seremoniar i vår. Minst tre av dei er utsette. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. mars 2020 10:38

I dag fortel Os kyrkjelyd at dei utset alle konfirmasjonane i Os kyrkje og Nore Neset kyrkje. 139 ungdomar må venta til over sommarferien. Fusa sokn skal førebels ikkje ha tatt avgjerd.

Human-Etisk Forbund, som i haust fortalte om rekord med 100 påmeldte i Midthordland, har avlyst dei fleste.

– Alle som var lagt til april er avlyst. Vi tar avgjerd om dei planlagte seremoniane i mai så snart som mogleg, fortel Marit Øimoen, kommunikasjonssjef i Human-Etisk Forbund.

– Totalt er det snakk om 12.500 konfirmantar og 400 seremoniar. Eg har ikkje oversikt over alle lokale forhold, men involverte foreldre skal ha fått epost om dette på fredag.

Planen var fire seremoniar i Midthordland, alle skulle gjennomførast i Oseana.

Tre av desse hadde dato i april, den siste var i mai.

– Du seier avlyst, ikkje utsett. Betyr det at dei ikkje får konfirmera seg i år?

– Alle konfirmantane våre skal få konfirmera seg i år. Human-Etisk Forbund blir drive av frivillige som lokalt står for kurs og seremoniar. Det er eit stort apparat involvert, og vi jobbar no med korleis vi skal løysa dette.

OPPDATERT: Klokka 14 i dag fortalte forbundet at også konfirmasjonane i mai blir utsette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.