Lokal | 17. jan. 2019

Innsatsstyrken vurderer Bakketeig-bygget

Troppssjefar og lagsjefar frå innsatsstyrke Bjørn West på synfaring i Os sentrum.

Innsatsstyrken vurderer Bakketeig-bygget
– Vi er her for fagleg påfyll - det er ingen dramatikk. Kristian Estberg-Godsveen er nestkommanderande for Bjørn West-innsatstyrka til Heimevernet. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 17. jan. 2019 09:47

Bildeserie:

Bakketeig-bygget vart «målet» då dette står fritt. (Foto: KOG)
Bakketeig-bygget vart «målet» då dette står fritt. (Foto: KOG)
Innsatsstyrka vil vera i sentrum fram til lunsjtider. (Foto: KOG)
Innsatsstyrka vil vera i sentrum fram til lunsjtider. (Foto: KOG)
Fagleg diskusjon på baksida - korleis koma seg opp og inn? (Foto: KOG)
Fagleg diskusjon på baksida - korleis koma seg opp og inn? (Foto: KOG)
1 av 3
Bakketeig-bygget vart «målet» då dette står fritt. (Foto: KOG)
Innsatsstyrka vil vera i sentrum fram til lunsjtider. (Foto: KOG)
Fagleg diskusjon på baksida - korleis koma seg opp og inn? (Foto: KOG)

Mange soldatar er i dag på vandring i Os sentrum.

– Dette er reint fagleg påfyll, seier nestkommanderande Kristian Estberg-Godsveen frå ISTY HV-09 Bjørn West.

– Vi har ei samling på Ulven i desse dagar, og no i formiddag har vi ei synfaring i Os sentrum.

Ikkje berre skog

Estberg-Godsveen fortel at føremålet med synfaring er å sjå på eit typisk sentrum i Hordaland.

– Vi driv meir enn berre å gøyma oss skogen. Om vi til dømes skulle få eit oppdrag kor vi må inn og støtta politiet i ein situasjon i eit sentrumsområde med gater og høge bygningar, er det viktig at vi er førebudde.

– Typiske andrer stadar vi ser på er til dømes Voss sentrum og Bergen sentrum. Samstundes har vi ei rolle og eit ansvar for å visa oss i samfunnet. Då er er ein formiddag i Os sentrum ein fin måte å gjera dette på.

– Vi har vald oss ut Bakketeig-bygget fordi vi kan «angripa» det frå alle kantar. Vi er her berre for å sjå og diskutera, det blir ikkje noko dramatikk, i alle fall ikkje i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.