Kultur | 07. nov. 2023

Justert plakat til solidaritetskonserten

Tvillingar som er elevar på Kongshaug bidrar på konserten.

Justert plakat til solidaritetskonserten
Tetiana (t.h.) under førre solidaritetskonsert. Her saman med tolk Julia Tveit. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. nov. 2023 20:53

Os kulturutvikling lager saman med Os kyrkjelyd og Galleri Solbakkestova solidaritetskonsert i år òg.

Allereie i slutten av september var plakaten nærmast ferdig, men med eit par artistar som det gjensto avklaring med.

Datoen var framskynda frå 21. til søndag 17. desember - for å få med Eirik Søfteland (i staden for å kollidera med den bestseljande julekonserten hans).

Les ògArtistane er klare - datoen måtte brått endrast

– Johny Olsen Band har eit bandmedlem som dessverre ikkje hadde tid, så dei utgår.

– Men vi har vore heldige og fått inn fire nye namn, seier Øyvind Hægland.

Nye namn på plakaten er: RES (Erik Rolland, Øystein Engevik og Gunnar Engevik), tvillingane Solomiya og Nazar Romanyshyn, som er elevar på Kongshaug Musikkgymnas, Michael Clemente Lekven og Jan Haaland.

Årets artistar:

  • Mighty Magnolias
  • Eirik Søfteland
  • Anna Neset
  • Tetiana Sorochan
  • RES (Erik Rolland, Øystein Engevik og Gunnar Engevik)
  • Victoria Bakka
  • Leif Østrem
  • Solomiya og Nazar Romanyshyn
  • Michael Clemente Lekven
  • Jan Haaland

Konferansier: Karl Ole Midtbø
Lyd: Arthur Håkon Botnevik
Rigg og lyd: Nils Midtseter

I fjor blei det to konsertar, i mars og desember, begge til inntekt for Flyktninghjelpen. Også denne er gratis, men med innsamling til Flyktninghjelpen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.