Fotball | 20. jan. 2024

Kjempar om å møta Os eller Lysekloster i NM

Os og Lysekloster er allereie kvalifiserte. Desse kampane avgjer kva motstand dei får.

Kjempar om å møta Os eller Lysekloster i NM
Os-Frøya i 2022 enda 2-1. I år kan dei møtast i NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. jan. 2024 19:00

128 lag skal spela første runde i NM, 84 av desse er direktekvalifiserte.

Laga som allereie har plass i første runder er dei som speler i Eliteserien, OBOS-ligaen og PostNord-ligaen, inkludert nedrykkslag.

I tillegg er topp 4 i Norsk Tipping-ligaen 2023 direktekvalifiserte.

I Hordaland fotballkrets er desse klare:
Brann
Åsane
Sotra
Os
Fana
Lysekloster
Bjarg
Sandviken

Lysekloster blei slått ut i andre NM-runde i fjor.

Toppen av 3. divisjon klarte seg bra mot toppen av OBOS-ligaen, det sto uavgjort til 116. av dei 120 minutta kampen varte, men Sogndal vann 1-2.

Målskårar Henrik Andersen og kaptein Tobias Alme på veg til pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògNM 2. runde: Lysekloster - Sogndal

Os gjorde det skarpt i 2022, då dei slo ut Åsane, men dei tapte 1-0 for Lysekloster i første runde i 2023.

Tett med duellar i første omgang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògNM: Lysekloster - Os

176 lag speler første kvalifiseringsrunde, 18 av desse er frå Hordaland. Vinnarane av første runde speler andre og avgjerande kvalifisering.

Av kampane i og nær Hordaland nemner vi desse:
Fjøra – Eid
Stryn – Florø
Voss - Årdal
Varegg – Askøy
Gneist – Osterøy
Nymark – Austevoll
Nordhordland – Loddefjord
Trio – Stord
Lyngbø – Fyllingsdalen
Arna-Bjørnar - Frøya
Tertnes – Bremnes
Odda – Nord
Torvastad - Åkra

Kampene skal spelast 13. mars eller før. Andre kvalifiseringsrunde skal spelast 20. mars, oppsettet til desse kjem 14. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.