Fotball | 25. apr. 2013

Klart for 250 jenter

Laurdag sparkast jentefotballdagen i gong på Kuventræ. 70 frivillige står klare til å ta i mot 250 fotballjenter. – Dette blir spennande, seier Eirik André Hesthamar.

Klart for 250 jenter
Eirik André Hesthamar og resten av prosjektgruppa gler seg til Jentefotballdagen på laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 25. apr. 2013 19:27

Dei sju klubbane Jada, Søre Neset, Nore Neset, Øyglimt, Lysekloster, Søfteland og Os Turn har gått saman for å skapa jentefotballdagen 2013 etter modell frå ishockeyen i Bergen.

– Då vi satte målet om 250 deltakarar visste vi at det var eit hårete mål, men jammen klarte vi det.

– No gjenstår berre å skape ein begivenhetsrik fotballdag på laurdag, smiler Eirik André Hesthamar, Øyglimt sin representant i prosjektgruppa.

70 frivillige

Hesthamar er klar over at det er eit stort ansvar dei har tatt på seg når dei tek i mot dei mange jentene i alderen 6-10 år.

– Vi har delt dei i 21 grupper på 11-12 spelarar som får to-tre ledarar som følgjer dei gjennom heile dagen.

– Trenarane blir damespelarar på Os Turn og jentespelarar frå Søre Neset og Os Turn.

– I tillegg stiller Os Røde Kors Hjelpekorps opp til å ta seg av skrubbsår og andre skadar som eventuelt skulle oppstå.

Positiv mottaking

Jentefotballdagen er eit gratis tilbod til dei mange jentene.

– Det hadde ikkje vore mogleg uten støtta vi fekk frå kommunen sine KUP-midler og ein utruleg støtte frå næringslivet både i og utanfor bygda.

– Jentene skal få pizza, hot-dog, frukt, sjokomjølk og andre godbiter.

– I tillegg har vi satt saman ein "goddy-bag" til kvar av dei, god hjulpne av lokale firma.

– Alle vi har vore i kontakt med har vore positive og stilt opp når vi har spørt, fortel Hesthamar.

Fotball og disko

Spelarane møtast på Kuventræ klokka 11 for registering og felles informasjon før turen går ut på dei to kunstgrasbanane på Kuventræ.

– Med så mange jenter må vi ha kontroll. Foreldra skal vera trygge på at jentene får ein fin dag.

– Etter øktene med fotball, mat og aktiviteter ute trekk vi inn i Oshallen kor Kjetil Osablod Grønvigh stiller som DJ på tidenes største jentedisko.

– Diskoen avsluttar vi klokka 20, men før alle forlet Kuventræ må vi passa på at dei blir sjekka ut av listene. Vi har ikkje ei jente å miste, avsluttar ein spent Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.