Samferdsle | 19. apr. 2024

Kontrollerte lastebil, drosje og bilbelte i buss

162 passasjerar blei sjekka.

Kontrollerte lastebil, drosje og bilbelte i buss
Statens vegvesen på kontrollplassen ved Svegatjørn. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. apr. 2024 08:20

Statens vegvesen hadde torsdag kontroll på plassen ved Svegatjørn igjen.

Fokusområde for kontrollen var både tunge køyretøy, varebil, drosje og bilbelte i buss.

– Av 162 busspassasjerar var det 10 utan bilbelte, opplyser John Kåre Larsen frå SVV.

Gebyret for å ikkje bruka belte i buss er som i bil, 1500 kroner.

Det blei elles skrive gebyr på 8000 kroner i for manglende bompengeavtale for køyretøy i næring over 3500 kg.

I tillegg var det tre bruksforbod. Årsakene varierte frå feil med underkøyringshinder, defekt lås på lastekarm og mangler på bremselys.

– Elles var det bra stilt med dei andre kontrollerte. Tre førarar blei sjekka for køyre- og kviletid, også her var alt i orden, skriv Larsen i rapporten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.