Lokal | 04. sep. 2015

Kva er det med denne kompisgjengen?

26 kameratar konkurrerer i 7 øvingar gjennom året. Søndag skal dei kjempa seg gjennom eit rekordstort Os Triathlon.

Kva er det med denne kompisgjengen?
Tidlegare i år har kompisane konkurrert i blant anna fekting og bogeskyting. Rune Vindenes til høgre. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. sep. 2015 12:01

Bildeserie:

– Vi er takksam for korleis ulike klubbar har tatt imot oss, seier BC.  (Privat foto)
– Vi er takksam for korleis ulike klubbar har tatt imot oss, seier BC. (Privat foto)
Stein Ruben Larsen er betre å skyta med boge enn med hagle.  (Privat foto)
Stein Ruben Larsen er betre å skyta med boge enn med hagle. (Privat foto)
I fjor sto blant anna lynsjakk på programmet.  (Privat foto)
I fjor sto blant anna lynsjakk på programmet. (Privat foto)
Søndag skal gjengen delta i Os Triathlon.  (Privat foto)
Søndag skal gjengen delta i Os Triathlon. (Privat foto)
1 av 4
– Vi er takksam for korleis ulike klubbar har tatt imot oss, seier BC.  (Privat foto)
Stein Ruben Larsen er betre å skyta med boge enn med hagle.  (Privat foto)
I fjor sto blant anna lynsjakk på programmet.  (Privat foto)
Søndag skal gjengen delta i Os Triathlon.  (Privat foto)

Os Triathlon står for 8. gong for tur og arrangørane opplever rekordpåmelding.

– Vi hadde berre éin plass for vaksne igjen då vi stengte førehandspåmeldinga. Men vi har sett av 50 til etterpåmelding, seier Ole Jacob Taraldset.

299 vaksne, 20 ungdomar (13-16 år) og 70 born (opptil 12 år, den yngste i fjor var 4 år) har til no meldt seg på.

Sjå bildeserie frå 2014, 2013 og 2012.

Mens vaksne konkurrerer i halv olympisk distanse, 750 meter svømming i Ulvenvatnet, 20 km sykling og 5 km løping, får ungdomane halvparten av desse distansane.

Blant dei vaksne deltakarane som skal i elden søndag er ein venegjeng frå Os og Bergen med ein noko spesiell kamp som går året gjennom.

I verdseliten?

I fjor var det 8 øvingar, blant anna lynsjakk og badminton, til no i 2015 har årets 26 deltakarar konkurrert i blant anna bogeskyting, shuffleboard og fekting.

– Det starta med at eg og Per Mygland, som konkurrerte i alt mogleg då vi studerte saman på 90-talet, bestemte oss for å invitera med fleire kameratar og setja dette med konkurransar i system, fortel Rune Vindenes.

– Tja. Det byrja vel med at du og Per meinte at de kunne vore i verdseliten i kva som helst sport, om de fekk to år å øva på. Og no når de passerte 40 så reduserte de ambisjonane til at de i det minste skulle vera best av kompisane i kva som helst, skyt kollega og yngstemann i Kompiskampen Bjørn Christian «BC» Pedersen inn.

Bra bidrag å vera dårleg tapar

Ifølgje reglane kan deltakarane på førehand vekta éi øving til å telja dobbelt, mens dei òg kan stryka ei øving. Vinnaren av kva idrett får eitt poeng, andreplassen får to. Den med færrast poeng på slutten av året vinn Kompiskampen.

– Vi kjem med forslag til nye øvingar før året startar. Målet er å ha eit variert program så alle har sjanse å vinna. Men det er faktisk ikkje alltid at favorittane leverer som venta, seier Rune.

Her trekk han fram Stein Ruben Larsen som eksempel.

– Vi hadde venta eksepsjonell leirdueskyting av tidlegare offiser Larsen, men han kom nest sist. Presten Bård Norheim hamna på pallen, og då premieutdelinga fann stad hadde Stein Ruben for lengst gått heim. Og det er bra, dårlege taparar styrkar stemninga i Kompiskampen.

Spelte squash med knekt kragebein

Det kan også vera utfordrande å få sympati frå kameratane om du blir skadd i Kompiskampen. Det fekk Espen Motzfeldt Drange smerteleg erfara.

– Kragebeinet er jo ikkje spesielt behageleg å knekka, men det var ingen som trudde at han var så veldig skadd der og då, seier Rune.

Veslebror Vindenes, legen Frode, tok rett nok affære etter ei stund.

– Frode såg nærmare på Espen og tok han med til sjukehus. Men det var selvfølgelig etter at han sjølv hadde spelt alle kampane sine.

Å prøva nye idrettar

Søndag står Os Triathlon for tur. Kompiskampen skal gjennom svømming, sykling og løping, og det har dei gjort før.

– Mykje av poenget med Kompiskampen er å prøva nye idrettar, men første gong vi prøvde triatlon var det faktisk han som kom sist som sa at dette MÅTTE vi gjera igjen.

– Hovudfokus er på konkurranse, men det motiverer også til trening. Stein G. Torsnes, som leiar Kompiskampen, har verkeleg lagt seg i hardtrening.

Vindenes og Pedersen skryter også over alle dei ulike klubbane som har tatt imot kompisflokken til alt frå fekting til bogeskyting.

Etter triatlon søndag står to øvingar igjen; Stoltzen og bordtennis.

Deltakarane i Kompiskampen 2015: Per Mygland, Stein G Torsnes, Cedric Valentin, Paul Johan Høl, Bjørn-Christian Pedersen, Pål Skorge, Tor André Hauge, Stein Ruben Larsen, Fredrik Andersson, Rune Vindenes, Øystein Vindenes, Andreas Thuen Bjørke, Frode Vindenes, Svein Arne Hammersland, Roger Stjernberg, Ståle Skaatun, Jan Kristian Evensen, Alf Helge Halland, Gisle Njåstad, Bjarte Skaatun, Morten Bjørke Thuen, Arne Johansen, Espen Motzfeldt Drange, Edvard Bjørkliås, Bård Eirik Hallesby Norheim og Gustav Refshus Bøe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.