Meining | 25. okt. 2023

Kva for fargar skal ein kle seg i ...?

DEBATT: Eg har eit anna forslag.

Kva for fargar skal ein kle seg i ...?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. okt. 2023 12:41

Jakob Enerhaug legg fram ein interpellasjon om å kle inn rådhuset i dei israelske fargane.

Han samanliknar konflikten mellom Palestina og Israel med Russland og Ukraina …

Anten må eg eller han ta eit klassetrinn opp att.

Å samanlikna desse er som enkelte forsøker å seia at ananas er godt på italiensk pizza.

Ananas kan vera godt på pizza, men då er den ikkje italiensk. Capito?!

Det eg forsøker å seia er at vi må gjerne (og skal) fordømma Hamas sine handlingar, men dei er ikkje Palestina sine.

Enerhaug med fleire forsøker no å peika mot himmelen med bibelen i handa, i staden for å legga frå seg boka og stikka fingeren i jorda. For det er faktisk det vi må.

Dette er ikkje tida for å fargelegga noko som helst – korkje rådhus, kyrkje eller Meny.

Det er tida for å balsamera og finna plaster.

Det er på tide at dei som meiner dette er Gud og Bibelens vilje, burde finna seg ein annan gud og ei anna bok ...

Eg kjem med eit nytt forslag:

I staden for å lyssetja rådhuset med det israelske flagget, burde bildet av to born, jøde og palestiner, hand i hand, arm i arm, rammast inn og visast for alle.

Om kommunestyret aksepterer og tar imot interpellasjonen frå KrF og Enerhaug, oppfordrar eg alle til å visa kva dei meiner.

Ikkje med krig eller fargar, men med hjarta …

Geir Magne Johnsen Moberg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.