Lokal | 17. okt. 2012

– Kva plikter har BIR?

I forslag til ny forskrift om handtering av boss er BIR veldig tydelege på kundene sine plikter, men kva med deira eigne?

– Kva plikter har BIR?
Formannskapet tykkja BIR slapp for lett unna i framlegget til revidert forskrift om handtering av hushaldningsavfall og vil stramma inn (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. okt. 2012 08:07

«Generelt er det lett for at slike føresegner i stor grad dreiar seg om kundane sine plikter, og desse er det her nøye gjort greie for. For innbyggjarane kan det nok vera like stor interesse for å få gjort greie for BIR sine eigne plikter.», skriv kommunalsjef Karl Ole Midtbø i saksutgreiinga til formannskapet då dei skulle handsama dei reviderte forskriftene for handsaming av hushaldningsavfall i BIR sine eigerkommunar.

Dette fekk han full støtte for i formannskapet tysdag.

«I § 13 står det klart skildra kva plikter brukarane har for å halda orden kring hentepunkt og liknande. Det er også gjort nøye greie for kva straff som kan ventast ved brot.
Her kunne det vore på sin plass at det stod noko om BIR si plikt til å, til ei kvar tid, syta for tilstrekkeleg kapasitet ved hentepunkta. I Os ser vi stadig problem med overfylte containarar, særleg i nærleiken av nokre av hytteområda.», skriv Midtbø vidare.

- Eg vil gje skryt for problematiseringa av BIR sitt ansvar, rosa Espen Aspenes (Frp).

Ovanfra og ned?

Eirik Neverdal (TvS) gjekk endå lengre i å gje Midtbø støtte.

- Eg opplever det som om dei gjennom forskrifta snakkar til sine undersåttar og ikkje til kundar.

- Dette kjenneteikner litt måten BIR snakkar på og korleis dei handterar kundane sine. Dei må ikkje gløyme at dei er ein leverandør, sa Neverdal som òg lurte på i kva grad Os kommune var basten og bunden til BIR som leverandør.

- Så lenge vi er eindel av BIR-systemet (eigerkommune, journ.mrk) så forpliktar vi oss til å gje dei einerett på handtering av hushaldningsavfallet, forklarte ordførar Terje Søviknes (Frp).

- Kom og kjøp!

Lars Atle Skorpen (Ap) påpeika at bosshandtering har blitt ein storindustri.

- Eg leste nett om eit forbrenningsanlegg på austlandet som hadde kjøpt hundrevis av tonn med boss frå England for å produsere fjernvarme på sitt anlegg.

- Er det blitt slik at eg kan seie kom til Vågshaugen så skal du få kjøpt bosset mitt for x øre per kilo, så slepp de reise til England, undra Skorpen, som òg lurte på om korleis firmaet på austlandet fann fram til bosset i England.

- Kanskje det finnst ein bossbørs der ute, repliserte Søviknes med eit smil.

Konklusjonen blei at formannskapet ville stramma inn på BIR sine plikter i forskrifta og samstundes invitere dei til ei orientering kor dei redegjer for rammeverket, kommunens rolle og bindingar til selskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.