Lokal | 07. jan. 2010

Lagar is på Lepsøy

For første gong sidan 1991 lagar Kongshaug Musikkgymnas skeise-is på fotballbanen sin.

Lagar is på Lepsøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. jan. 2010 13:38

Bildeserie:

1 av 1

- Vi måtte nesten laga is no, når det er meldt nye 10 dagar med kulde, seier rektor Oddvar Rotvik.

Han fortel at folk framleis pratar om sist det var skeise-is på grusbanen deira, som ligg mellom skulen og Lepsøybrua.

- Det er 19 år sidan, så no skal det bli godt å invitera folk frå området til leik på trygg is igjen!

Musikkgymnaset har lånt slangar av brannvesenet, men for ikkje å risikera å ta vasstrykket frå folk i Øyane kjører dei ikkje på maks trykk.

- Vi starta onsdag kveld og bruker både dagen i dag og natt til fredag til å fylla på. Så satsar vi på fine forhold til helga, seier Rotvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.