Kultur | 24. apr. 2021

Lions i aksjon for unge i dag

Kven får støtte frå tulipanaksjonen i år?

Per Solberg frå Lions Club Os. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. apr. 2021 07:17

Lions Tulipanaksjon er ei årleg og landsomfattande pengeinnsamling, til inntekt for forebyggende arbeid for barn og unge.

Aksjonsdagen eri dag, laurdag 24. april.

– Grunna smitteverntiltaka har vi fleire stands enn vanleg, men vi blir å sjå eit par stadar i Os i dag likevel, seier Per Solberg frå Lions Club Os.

Han håper tulipanseljarane blir godt mottatt ute i bygda. Samtidig fortel han om godt førehandssal.

– Sidan vi ikkje kan ha same aktivitet ute blant folk som før, har vi sel på førehand i kontaktnettet til medlemmane våre.

– Dessutan har vi, som vanleg, fått mange bestillingar på bukettar frå bedrifter. Det set vi umåteleg stor pris på!

Støttar unge i full breidde

Mottoet under tulipanaksjonen er «Det er bedre å bygge barn enn å reparere voksne».

– Vi trur at det å satsa på at bornog unge får ein god oppvekst, bidrar til at færre treng hjelp som vaksne, seier Solberg.

Lions Club Os har tidlegare år gitt pengestøtte til alt frå delfinansiering av fleire rullebrettbaner, Os MC og MX klubb, fritidstilbodet «Ung lørdag», skulekorps, roklubb, baskeball, handball og speidarar.

I år er overskotet øyremerkt Os skulekorps og Nore Neset skulekorps.

Tidlegare i år har leiinga i skulekorpsa fortalt om vanskelege forhold under pandemien, og om tap av medlemmar, noko leiinga trur skuldast manglande sosiale tilbod som reiser og konsertar.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.