Lokal | 15. sep. 2015

Må søka samarbeid

Dei fem partia som får to kvar i kommunestyret må samarbeida for å få plass i formannskapet, PBU og tenesteutvalet. – Vi har avtalt å snakka saman, fortel Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Må søka samarbeid
TvS, V, Sp, MDG og KrF får to kvar i kommunestyret. For å få plass i utvala må dei samarbeida (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 15. sep. 2015 11:15

Valet måndag gav eit kommunestyre med 14 frå Frp, 7 frå Ap, 4 frå H og 2 frå kvart av dei fem partia SP, KrF, MDG, V og TvS. Det gir dei fem minste ei utfordring om dei vil søka politisk makt i dei tre underutvala formannskapet, plan- og bygningsutvalet og tenesteutvalet.

– Dette er styrt av kommunelova kor eit forholdstal skal leggast til grunn for mandatberekninga, forklarar ordførar Terje Søviknes (Frp).

Det spesielle i situasjonen i Os er at om ingen av dei fem partia som har to plassar kvar seg i kommunestyret er store nok til å aleine få ein plass i eitt av dei tre utvala.

– Eit nøkkeltal her er fire. Høgre er med sine fire representantar sikra minst ein plass, Ap er sikra to, fortel Søviknes.

Skal i møte i kveld

Sjølv er partiet hans, som det største partiet, sikra fleire plassar i alle utvala. Kor mange det blir er avhengig av kva avtale dei gjer med H.

– Både vi og H skal ha møter kvar for oss i kveld for å diskutera dette, så vil vi sette oss saman ein av dei første dagane for å forhandla, fortel partirepresentanten Søviknes, som òg opnar for eit breiare samarbeid.

– Vi har tidlegare signalisert gjennom budsjettprosessar og liknande at vi kan vera med å søka ein breiare borgeleg konstellasjon med V og KrF og forsåvidt TvS om dei ønskjer det.

– Ser på valteknisk samarbeid

Om ingen av partia samarbeider, noko som nok er ein rein hypotetisk situasjon, ville dei tre utvala blitt satt saman med 6 frå Frp, 2 frå Ap og 1 frå H og utan medlemmer frå dei fem siste partia i kommunestyret.

– Det skjer nok ikkje. Vi er klare for å inngå eit valteknisk samarbeid med eitt eller fleire av dei andre "To-mandatspartia". Litt av utfordringa er at vi er fem parti, og det er ingen av oss om har lyst til å sitta att med svarteper, seier Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– Eg trur vi kjem til å sjå utval som har same konstellasjonar som i dag kor Frp/H har fem representantar og opposisjonen har fire, kor to av dei er frå Ap.

– Vi har såvidt byrja å snakke saman og har forsåvidt avtalt at vi skal møtast når den endeleg opptellinga er ferdig. Då veit vi kven som faktisk kjem til å representera oss etter at personstemmene er talde.

– Eg har tru på at vi skal finna ei løysing som alle fem partia kan vera nokonlunde nøgd med. Vi skal forhåpentlegvis jobba saman i opposisjon i fire år, så då hadde det jo vore greitt å starta med eit godt samarbeid, avsluttar Nøttseter.

Ei truleg løysing

For å illustrera korleis samansetninga av dei tre utvala kan bli har Midtsiden leika litt med dei forskjellige samarbeidsmodellane. Nedanfor ser vi for oss at Frp/H samarbeider, Ap står aleine, Sp/MDG/V går saman og KrF/TvS går saman.

Då vil utvala bli:

Frp/H - 5
Ap - 2
Sp/MDG/V – 1
Krf/TvS – 1

Kven som hamnar i kva utval og korleis partia vel å samarbeida gjenstår å sjå i det konstituerande kommunestyret 20. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.