Sport | 09. nov. 2017

Mathias får mentor frå landslaget

Mathias Aadland (9) er klar for eitt år saman med herrelandslaget i handball. Mentoren kjem òg til Os for å trena laget hans.

Mathias får mentor frå landslaget
Mathias Aadland (9) har spelt håndball i tre år. No er han tatt ut til å vera med Minihåndballgutane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 09. nov. 2017 15:35

For herrelandslaget i handball finst det eit «skyggelandslag» beståande av unge handballgutar som ein vakker dag kanskje blir å finna på det verkelege landslaget.

På det komande landslaget er Os-spelar Mathias Aadland teke ut, som ein av seksten gutar frå heile landet.

Minihandballgutane er eit samarbeid mellom Gjensidige og Noregs Håndballforbund, kor handballspelarar mellom 9 og 12 år kan søka om å få vera med.

– Det var mamma som hjalp meg å søka. Eg hadde aldri trudd eg skulle bli plukka ut, fortel Mathias til Midtsiden rett før trening med Os gutar 9 i Oshallen.

Fekk veta det på bursdagen

Gladmeldinga fekk han på den mest perfekte dagen.

– Eg fekk vita at eg var plukka ut på bursdagen min den 20. oktober, smiler han.

– Kva tenkte du då da?

– Eg trudde ikkje det var sant og at mamma tulla med meg.

Til EM-uttaket

Første gang dei nye Minihandballgutane blir samla er i samband med at landslagssjef Christian Berge skal offentleggjera troppen til EM i Kroatia i januar. Tysdag 19. desember stiller Mathias og dei andre i TV3 sine lokaler og skal vera med å presentera troppen.

Då får han også veta kva landslagsspelar som blir hans mentor.

– Kven håper du skal bli din mentor?

– Sander Sagosen, kjem det kontant.

– Fordi han er god!

– Skal du bli like god?

– Eg må jo prøva å bli like god som han. Det blir veldig spennande å møte landslaget. Eg trur det blir veldig kjekt, seier Mathias som starta å spele handball då han gjekk i 1. klasse.

Får mentoren som trenar

I tillegg til å vera med på uttaket av troppen, skal Mathias få vera maskot på ein landskamp og få vera med på ei samling med landslaget. Han, og resten av gutane på Os 09, får òg besøk av den landsslagspelaren som blir Mathias sin på ei trening heime i Oshallen i løpet av året.

– Det gleder vi oss veldig til, skyt trenar Christian Bugge inn.

– Dei andre gutane, er dei litt misunnelege på deg?

– Eg veit ikkje, svarar Mathias beskjedet.

– Det trur eg dei er, smiler trenaren.

Minihåndballgutane følgjer landslaget gjennom eit heilt år. Dette er andre året Håndballforbundet har Minihåndballgutar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.