Meining | 08. des. 2023

Me er uroa!

DEBATT: Å gjere det attraktivt å busetje seg på «Fusasida» av Bjørnafjorden er allereie ei utfordring for oss.

Me er uroa!
Framo Fusa er blandt dei største selskapa i Bjørnafjorden kommune. Direktøren er blant seks som har signert innlegget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 08. des. 2023 12:28

I samband med budsjettprosessen for 2024 har kommuneleiing og politiske parti i Bjørnafjorden kome med fleire drastiske kuttforslag.

Eit av desse forslaga er avvikling av legevakttenesta i Eikelandsosen.

Dette er eit forslag som etter vårt syn vil føre til svært negative verknader for liv, helse, beredskap og negative utviklingsmoglegheiter for «Fusasida» av Bjørnafjorden.

Det er nokre utfordringar i samband med dette kuttforslaget som me meinar ikkje er kartlagt og vurdert i det heile.

Underteikna representerer verksemder som årleg omset for fleire milliardar kroner.

Aktiviteten vår gjev viktige arbeidsplassar, inntekter og ringverknader for innbyggjarar, samt store og viktige inntekter for Bjørnafjorden.

I notid og framtid har me eit stort behov for nye medarbeidarar som vil og kan bu i nærleiken av der produksjonen og aktiviteten vår skjer.

Å gjere det attraktivt å busetje seg på «Fusasida» av Bjørnafjorden er allereie ei utfordring for oss.

Ei avvikling av legevakttenesta i Eikelandsosen gjer denne utfordringa mykje større.

Dette bekymrar oss svært sterkt.

Det kan vere at legevaktordninga i si noverande form må justerast, men ei avvikling er eit for drastisk tiltak.

Bjørnafjorden kommune sin økonomi og framtid er heilt avhengig av attraktive lokalsamfunn og levedyktige verksemder.

Bjørg Mette Antonsen – dagleg leiar AS Bolaks
Sondre Eide – dagleg leiar Eide
Bengt Holme – Managing Director Framo Fusa AS and Manager Framo Operations
Espen Borgen Nordtveit – dagleg leiar AS Sævareid Fiskeanlegg
Stig Tveit – dagleg leiar Tombre gruppen
Tove Hjartnes Fosså –dagleg leiar Fusa Kraftlag SA

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.