Politi | 23. juni 2023

Miljødirektoratet ønskjer kontakt med eigar

– Vi har blitt kontakta av politiet, og følgjer opp saka.

Miljødirektoratet ønskjer kontakt med eigar
Bilde tatt i ein hage i Sørstrøno torsdag morgon. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. juni 2023 12:39

I samband med fleire observasjonar av eit stort kattedyr i Sørstrøno, har Midtsiden kontakta Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn for å slå fast kva art det er.

Dette kattedyret vandra i ein hage i Sørstrøno torsdag morgon. (Lesarbilde, foto: Steinar Edvardsen)
Les ògReagerte då dette kattedyret vandra ute i hagen

Forskarane reknar med det anten er ein serval eller ein første generasjons savannahkatt, som er krysning mellom serval og katt, men berre lovleg å importera til Norge om den er femte generasjon.

Også politiet har kontakta Miljødirektoratet.

Reagerer på etterlysing

– Vi jobbar no med å få slå fast kva art det er. Foreløpig vurderer vi bildene og skildringar, seier seniorrådgjevar Nils Kristian Grønvik.

– Det er ikkje gaupe og ikkje ein vanleg tamkatt. Vi reknar med det er eit individ som nokon har halde fanga. Om den har rømt eller fått lov å gå fritt, veit vi enno ikkje.

Les ògMann med schäferhund møtte det store kattedyret på Strøno

Ifølgje eit vitne frå Strøno var det nokon som, anonymt, etterlyste «ein innekatt» torsdag.

– Vi reagerte på at nokon etterlyste katten anonymt. Korleis skulle vedkomande få svar, og kvifor utan bilde? I tillegg blei etterlysinga fjerna etter at Midtsiden omtalte observasjonen i Sørstrøno, fortel vedkomande.

Ber eigar ta kontakt

Miljødirektoratet ber eigar ta kontakt.

– Det er forbode både å innføra og å ha serval. Dette er regulert både av forskrift for framande artar, CITES-regelverket om handel med truga artar og i viltloven.

Viss det er ein serval vil Miljødirektoratet setja inn tiltak.

– I verste fall må vi avliva dyret. Framande artar som serval kan skada naturmangfaldet og er ikkje eit ønskt dyr i norsk natur.

– Ikkje prøv å fanga den

Miljødirektoratet vil åtvara folk mot å nærma seg dyret.

– Ikkje prøv å fanga den! Du skal alltid opptre varsamt i møte med store, ville pattedyr eller lause, ukjente tamdyr.

– Vi kan enno ikkje seia heilt sikkert kva dyr dette er eller kvar det stammar frå.

OPPDATERT:

Eigar har meldt seg. Ikkje til Miljødirektoratet, men til Midtsiden-redaksjonen:

– Den er meir kosete enn alle andre kattar eg har hatt, og søv med meg kvar natt, fortel eigar. (Foto: Privat)
Les ògEigar av kattedyret: – Han er heime og har det bra

Politiet lokalt uttaler laurdag morgon at dei ikkje jobbar med saka.

– Det er Miljødirektoratet som har overtatt oppdraget, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.