Mistenkt for trugslar og blotting
Osingen som før helga blei etterlyst etter å ha truga ein skuleelev i Bergen, blei i helga tatt av politiet og skal no framstillast for varetekt.
Torsdag fekk politiet i Os melding om ein episode i Bergen, der ein ung mann i 20-åra frå Os skal ha retta alvorlege trugslar mot ein skuleelev i Bergen.
Mannen blei etterlyst og politiet i Os og Bergen søkte etter vedkomande, men utan resultat.
– Vi fekk tak i mistenkte då vi natt til søndag møtte han på bustadadressa hans i Os, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Mannen blei tatt med til arresten og blir tysdag framstilt for varetektsfengsling.
Han har fleire saker på seg frå før, både sedeleg-saker, trugslar, vald, vinning og narkotika.
Mistenkte har også vore varetektsfengsla tidlegare i år, i éin månad, for liknande saker.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.