Kultur | 05. nov. 2019

Mot Draum: Fekk møta Mikkel Gaup

Muriel er stolt av sameslekta si. No lærer ho seg å joike.

Mot Draum: Fekk møta Mikkel Gaup
Muriel ønskjer å læra seg å joike. På kurs i Bergen var Mikkel Gaup foredragshaldar.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. nov. 2019 07:48

Bildeserie:

Eirik med 10 D ved Os ungdomsskule.
Eirik med 10 D ved Os ungdomsskule.
Ambassadøren saman med 10 D på Nore Neset.
Ambassadøren saman med 10 D på Nore Neset.
1 av 2
Eirik med 10 D ved Os ungdomsskule.
Ambassadøren saman med 10 D på Nore Neset.

Kvart år får alle 9. klassingar som har MOT, søkja om å få draumen sin oppfylt.

– Vi sender søknadane inn sentralt, men i tillegg har vi i fleire år fått lov til å oppfylle draumar lokalt i Os. Vi har to ungdomsskular her, og vi brukar å oppfylle draumane til eitt par av ungdommane våre på kvar skule, fortel ungdomskonsulent i Os kommune, Anne Solberg Andersen i eit lesarinnlegg.

Det er viktig å ha draumar, å setja seg mål. I draumane ligg fantasien, og nokre gongar kan fantasien bli verkeleg. Dette er noko vi ønskjer å formidle til ungdommane våre, og vi ønskjer å vise dei at draumar verkeleg kan gå i oppfylling. Nokre gongar kan sjølve draumen bli verkeleg med hjelp frå oss, og nokre gongar er det kanskje eit steg på vegen mot målet og draumen vi kan hjelpe til med.

Det er mange flotte draumar vi får søknadar om å oppfylle. Når vi skal plukke ut draumar vi arbeider vidare med, prøver vi å variere litt frå år til år, og i innhald. Vi ser på kven som ønskjer noko for seg sjølv, og kven som drøymer om noko for nokon andre, og vi ser på kva vi praktisk kan få til. Her møter vi enorm positivitet og vilje til å få til noko, både hos lokalt næringsliv, privatpersonar, lag og organisasjonar, artistar, skodespelarar, og mange fleire.

Vi ønskjer å takke alle som stiller opp, som ser verdien av å ta imot desse ungdommane, og som tek draumane deira på alvor.

Når vi skal opplyse om kven som får draumane sine oppfylte, samlar vi heile trinnet på kvar skule, og får med oss vår lokale MOT-ambassadør Eirik Søfteland. Han spelar eit par låtar for ungdommane, og snakkar om kvifor han syns det er viktig med draumar. Vi set stor pris på at Eirik er med oss, og bidreg på sin måte inn i arbeidet vårt!

I år er det seks draumar vi har fått vere med å oppfylle:

I både klasse 9E (no 10E) ved Nore Neset ungdomsskule og i klasse 9D (no 10D) ved Os ungdomsskule, ønskte fleire elevar at dei skulle gjere noko kjekt saman med klassen sin, for å styrke klassemiljøet.

Her fekk vi god hjelp og flott service frå Bjørnefjorden Paintball, ved Mons Daniel Haugland. Nore Neset-gjengen har vore og leika seg i skogen i haust, Os-ungdommane skal gjere det til våren. Ei fin avslutning på 10.klasse!

Ein elev ved NNU ønska ein draumedag for mor si, og fekk gåvekort på ein SPA-dag for henne.

To jenter, Pernille frå Nore Neset ungdomsskule og Kine frå Os ungdomsskule, drøymer om å bli skodespelarar, og ved fantastisk hjelp frå dramaturg Morten Kjerstad ved DNS, fekk dei ein dag på teateret.

Her fekk dei full omvisning i «alle krinkar og krokar» av huset, og som jentene sjølv kommenterte, så vart dei møtt så positivt av alle dei helste på. Skodespelarar, ansatte i produksjon (t.d kostyme, rekvisitt og snekkeri), i teknisk avdeling, og i leiing, tok seg tid til å prate, fortelje og svare på spørsmål.

I tillegg fekk dei vere publikum på dei aller første sceneprøvane av Peter Pan som går på DNS nett no.

Den siste draumen denne gong var det Muriel frå Os ungdomsskule som fekk. Ho drøymer om å lære seg å joike! Ho er stolt av tilknytninga til sameslekta si, og ønskjer å overraske familien sin med joik.

Sist fredag fekk ho delta på joikekurs i Bergen, i regi av Bergen Sameforening, og i etterkant av kurset fekk ho samtale og gode råd frå kurshaldaren – sjølvaste Mikkel Gaup.

I tillegg til å lære nokre joikar, var Gaup ein dyktig historieforteljar på kurset, og fortalde i tillegg om ulike typar joik. Muriel sjølv var svært nøgd etterpå, og ikkje minst inspirert til å halde fram med draumen sin og øve på joikinga.

På vegne av MOT Os:
Ellen Merete Lyssand og Anne Solberg Andersson, MOT-koordinatorar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.