Lokal | 08. sep. 2015

Møt Sp sin toppkandidat

#ValiOs15 • Møtet med ordførarkandidaten: Siren Tømmerbakke (Sp).

Møt Sp sin toppkandidat
Siren Tømmerbakke er Senterpartiet sin ordførarkandidat (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 08. sep. 2015 06:34

Midtsiden har utfordra ordførarkandidatane i dei ni partia som stiller lister ved kommunevalet i Os på det vi meiner vil vera sentrale områder dei kommande fire åra. I ein serie artiklar vil kvar av ordførarkandidatane få presentera sitt syn på dei ulike emna.

Barnehagar

Det er 17 barnehagar i Os, kor to av dei er kommunale.

– Kommunen hadde ei utfordring med barnehagedekninga og opna opp for stor privat etablering. Det har vi fått svi for med eit kostnadsbilete som har vore uforutsigbart og med store konstnadssprekkar, Det har vore eit vanskeleg område for kommunen. For Sp er det viktig at kommunen har kontroll over kjerneområda sine.

– Difor vil vi behalde barnehagetomta nær sentrum for å få meir kontroll over situasjonen i framtida. Det blir for gale om dei som busett seg i sentrum ikkje skal ha ein barnehage i nærområdet. Dette handlar litt òg om det prinsipielle. Vårt standpunkt er at ein ikkje skal vera så ivrig på å privatisera, det er nokre oppgåver det offentlege skal ta seg av, seier Siren Tømmerbakke før ho kjem inn på den kommunale kontantstøtta.

– Vi støtta innføringa av den kommunale kontantstøtta for born mellom 2 og 3 år og vil framleis at den skal oppretthaldast. Ordninga er med å gje barnefamiliane eit alternativ til tidleg barnehagestart.

Skule

– Senterpartiet er opptekne av å behalde nærskulen i ein desentralisert struktur. Ungane skal kunne gå til skulen. Vi vil difor vera særs skeptisk til å leggja ned krinsskulane. Samstundes ser vi problematikken rundt at Os er ei kompakt kommune og at vi difor får lågare overføringar frå staten til skuleområdet.

– Skulen har for mange vore eit av dei viktigaste satsingsområda i denne valkampen. Skulen er viktig også for oss. Vi har stor tillit til lærarane, og vil lytta til deira innspel. Vi har tru på tidleg hjelp og vil auka løyvingane til PPT slik at vi sikrar at alle får ein god start.

– Det er heilt klart at Os kommune har strupt skuleområdet for mykje. Det må vi klara å snu i den kommande fireårs-perioden, seier Tømmerbakke.

Eldreomsorga

– Innan helse- og omsorg har eg eit inntrykk av at Os er ei foregangskommune. Vi har dyktige leiarar som er på hugget og som tenkjer nytt. Det er viktig at vi sikrar ei god balanse mellom heimetenester og den satsinga som no blir på Luranetunet.

– Når det gjeld Luranetunet så ønskjer vi kjøkkendrift slik det tidlegare var på sjukeheimen. Det skal væra ein heim, og då skal det vera matlukt i gangane. Det er vel så viktig som ein tropehage. Eg trur det er viktig at dei eldre, og kanskje spesielt dei demente, kjenner lukter, smaker og ting dei kjenner frå før.

– Mange av dei har vakse opp med både matauk og småbruk. Vi må vera jordnære og hugse på kva minner dei har frå gamalt av. Det er desse tinga som kan gje dei gode dagar. Det viktig å legge til rette slik at overgangen frå heim til institusjon ikkje blir for stor. Mange eldre held seg godt oppdatert på kva som skjer i samfunnet. På dagens sjukeheim er det til dømes ikkje tilgang til internett på alle romma.

Frivilligheiten

– Både frivilligsentralen og kyrkja har fleire flotte tiltak. Mange ulike lag og organisasjonar gjer ein stor innsats for fellesskapet. Vi i Sp vil prioritera å støtta opp om frivillig arbeid, men vi må prioritera. Kulturmidla må prioriterast til aktiviteter for born og unge. Vaksen må kunne betala for eigen fornøyelse. Når det gjeld idrett vil vi prioritera å støtta dei som får til ein idrettskule kor ein legg vekt på allsidigheit. Slik det er i dag blir born alt for tidleg peila inn på ein idrett. Vi vil at dei skal bli presentert for, og få testa ulike idrettar. Gjerne i eit samarbeid mellom SFO og idrettslaga slik at ungane kan trena rett etter skuletid.

Utbygging/Areal

– Dette er ein av kjernesakene for oss. Vi må få ei endring på arealpolitikken i kommunen som gjer at vi tek vare på dei dyrka areala og også innmarksbeita. Landbruket treng ein langsiktig og klar arealpolitikk. Skal vi få folk til å satsa på landbruket, må dei vera trygge på at dei har jord å gjera det på.

– Vi er ikkje mot utbygging, men det må skje der det ikkje er i konflikt med landbruket. Vi har nok av utmark som er godt egna for utbygging. Vi må tenka langsiktig og oppretta gode buffersoner mellom utbyggingsareal og landbruksareal. Ta til dømes beitene rundt Moldegård. Ved å byggje ut beitene og la hus komme tett inn på driftsbygningane vil det bli vanskeleg å driva gard. Skal ein driva trengs meir enn berre slåttemarka.

– Mykje av den arealpolitikken som har vore ført botnar i at ein ikkje har tru på landbruket som ei næring for framtida. Då må ein hugsa på at dette er arbeidsplassar som blir i bygda, som vi må ta vare på og stimulera til framtidig vekst.

Samferdsel/trafikk/veg

– I BT sin #kandulova har mykje av spørsmåla dreidd seg om trafikksikring. Vi har ansvaret for trygge skulevegar og vil vera med på å sikra dette. Vi vil ikkje dispensera frå planar når det går ut over dei mjuke trafikantane og trafikktryggleiken. Det handlar om å legga til rette rundt skulane for ei trygg trafikkavvikling og ikkje minst, legge til rette for at elevane kan gå til skulen. Skal dei gjera det må vi sørgje for fortau, gang og sykkelvegar, seier Tømmerbakke som nemner strekninga Vallebrua – Hauge, Sperrevik – Buena, fylkesvegen mellom Buena og Lysekloster som prioriterte område.

– Vi stettar òg ein ny ringveg vest mellom Hildershamn og Drange og vil pressa på for å få prioritert ei rassikring av vegen langs Øvredalsvatnet og ei utbetring av Sælen bru.

– Når det gjeld bru, så vil vi fortsetta arbeidet mot ei bru over Bjørnafjorden. Vi meiner den indre traseen er eit betre alternativ og trur ikkje slaget er tapt.

Arbeidsplassar/næringsliv

– Her trur eg det er mange som har store forventingar til politikarane. Det viktigaste vi kan gjera er å finna gode areal for næringsetablering og å sørgje for at dei som vil etablera seg får god og riktig informasjon på kommunen. Vi skal òg syta for at dei får ei rimeleg rask sakshandsaming når dei søkjer om løyver og liknande.

– Dei som ynskjer å komma her for å etablere ei verksemd er også gjerne opptatt av at Os er ein god stad å bu, med god skule og eit godt oppvekstmiljø for borna.

– Lyseparken er spennande, men vi må i like stor grad retta fokus på små og mellomstore bedrifter. Erfaringsmessig ser vi jo at når store selskap kjøper opp verksemder så flyttar dei ut. Difor er det viktig at vi har ei positiv haldning til småbedriftene som er i bygda.

– Det gjeld òg når kommunen gjer innkjøp. Vi må vera bevisste på å nytta lokale leverandører så langt det er råd og innanfor dei gjeldande innkjøpsreglane.

– Skal ein sjå litt framover så må vi freiste å utnytte dei naturgitte fordelane vi har med tanke på turisme. Det kan vera ei næring å satsa på.

– Vi vil ikkje gå inn for sundagsopne butikkar. Det er heilt feil å overlata til kommunen å skulle avgjera dette. Det vil skapa eit press om ei nabokommune seier ja og vil ikkje fungera i praksis. Eg trur òg at søndagsopne butikkar vil vera drepen for dei mange mindre verksemdene.

Kommunen sin økonomi

Med 1,4 milliard i kommunal lånegjeld er Tømmerbakke uroa.

– Eg er uroa for aukande lånegjeld. Det er eigentleg ein udemokratisk måte å styre på. Den legg føringar for politikken i kommunen for lang tid framover. Eit nytt politisk fleirtal får eit sterkt avgrensa handlingsrom på grunn av den høge lånegjelda.

– Difor vil ikkje vi prioritera midlar til bølgebrytarar eller ishall, men konsentrera oss om dei lovpålagte oppgåvene og då i første rekkje skulane, slik at vi klarer å halde drifta innan dei økonomiske rammene vi til ei kvar tid har.

Os om 15 år

– Sp har markert seg om eit parti som ønskjer å bremsa på den store folkeveksten. Det er heilt naudsynt for å komma ajour med tanke på infrastruktur, kor vi i dag heile tida ligg i etterkant.

– Når eg ser 15 år fram i tid, så håpar eg vi har fått eit levande sentrum og har klart å halde oppe skulane i krinsane. Vi kan godt ha fått noko fortetting i sentrum, men det har ikkje tatt heilt av, vi har klart å ta omsyn til dei som bur der allereie.

– Arkitektonisk har vi tatt grep som gjer at ikkje folk i ettertid spør kva i allverden det var vi tenkte på. Vi har fornya oss, men har klart å ta vare på Os-identiteten med både det urbane og landlige side om side. Vi har moglegheita til å klara det.

– Om 15 år er folk meir opptekne av dei grøne verdiane og set pris på at vi som skal styre no har klart å bevara ei grøn Os-bygd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.