Fotball | 26. sep. 2023

Nok ein siger: Neste steg er EM-kvalik

Norge U19 slo Island 3-1.

Nok ein siger: Neste steg er EM-kvalik
Linnea Sælen (nr 11) jubla for innbytar Vilde Vedeler (nr 19) si 3-1-skåring. (Foto: Thomas Brekke Sæteren, NFF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. sep. 2023 09:19

Arna Bjørnar-spelarane Linnea Sælen og Nora Blindheim Nøss frå Os har den siste veka vore på landslagssamling for jenter 19.

I løpet av samlinga har det vore kamp mot både Sverige og Island.

Norge J19 før kampstart mot Sverige. Linnea Sælen (nr 11) og Nora Blindheim Nøss (nr 6) frå Os og Arna-Bjørnar klare frå start. (Foto: Camilla Lind, NFF)
Les ògTo frå Os frå start då Norge J19 slo Sverige

Torsdag vann Norge 2-1 over Sverige, med begge frå Os frå start, i går spelte dei mot Island.

Kampen enda 3-1.

Ida Mortensen Natvik skåra på straffe 25. minutt auka til 2-0 sju minutt etter. Island reduserte til 2-1 før pause. Vilde Vedeler la på til 3-1 i 65. minutt.

Linnea Sælen spelte frå start og heile kampen mot Island, Nora Nøss kom inn i 73. minutt.

– Eg synst vi gjorde ein god kamp, 3-1-seier over Island er solid, seier landslagstrener Lena Tyriberget ifølgje fotball.no.

Neste steg for J19-landslaget er EM-kvalifisering i Finland i slitten av oktober.

Norge jenter U19 sine kampar:
25.10 Finland - Norge
28.10 Tyskland - Norge
31.10 Israel - Norge

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.