Lokal | 03. sep. 2019

Nok ein trailer står fast i Banktjørnhaugen

– På tide med betre skilting, meiner naboar.

Nok ein trailer står fast i Banktjørnhaugen
Denne semitraileren står fast i Banktjørnhaugen. Han er ikkje den første. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. sep. 2019 13:54

Bildeserie:

Semitraileren kom før kl 14.30 og står der framleis kl 16. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Semitraileren kom før kl 14.30 og står der framleis kl 16. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
– Sperra veg og øydelagte hagar er resultatet, fortviler naboane. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
– Sperra veg og øydelagte hagar er resultatet, fortviler naboane. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
1 av 2
Semitraileren kom før kl 14.30 og står der framleis kl 16. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
– Sperra veg og øydelagte hagar er resultatet, fortviler naboane. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Ein gong før klokka 14.30 køyrde ein semitrailer seg fast i Banktjørnhaugen.

I juni i år sto eit vogntog fast i fleire timar omtrent på same stad.

– Det skjer nesten kvar veke, men enkelte gongar står dei meir fast enn andre, seier ein av to naboar som har kontakta Midtsiden.

– Denne gong var det ein norsk sjåfør på veg til Stavanger som blei sendt inn i nabolaget. Vegen blir sperra og hagar blir øydelagte, fortviler vedkomande.

– Bør få opp eit skilt

Bergingsbil skal vera rekvirert. Nokre bilar kjem seg rundt via Flåten Terrasse, andre er stengte inne.

– Om sjåførane blir sendt inn her av GPS, så bør dei gjerne sjekka kartet betre når dei ser at vegen er smal og har preg som eit nabolag.

– Men det bør vera rimeleg enkelt å få opp nokre skilt som fortel at dette er ein blindveg. Det er eit skilt som er lett å forstå, og som kan hindra at det blir så mange trailerar på ville vegar, foreslår naboane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.