Kultur | 09. jan. 2024

Nominert til Drømmestipendet

Tre kandidatar frå Bjørnafjorden kan få kvar sine 30.000 kroner.

Nominert til Drømmestipendet
Twisted Days. Josefine Hansen Bø oppe til venstre. )Foto: Magnus Mjømen)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestirsdag 09. jan. 2024 15:16

Drømmestipendet gir årleg ut 1,5 millionar kroner til 50 unge kunst- og kulturutøvarar frå heile Norge.

Stipendet er eit samarbeid mellom kulturskulerådet og Norsk Tipping, og blir delt ut til ungdomar innan teater, skapande kunst, sirkus, dans og musikk.

– Vi som søkjer på stipendet får søknaden behandla av hovudjuryen først, så blir den sendt til heimkommunen, som rangerer og nominerer. Vi er stolte over å vera blant dei nominerte, seier Josefine Hansen Bø på vegner av Twisted Days.

Twisted Days består av Marthe Padøy (vokal), Josefine Bø (gitar og kor), Tyra Fosheim Eide (keyboard og kor), Kristian Selbak (lead gitar og kor), Cata Staicu (bass) og Filip Unneland (trommer).

I tillegg til bandet er Kajsa Bøyum nominert for skapande skriving og Victoria Bakka for musikk.

Twisted Days har spelt i Os før. Josefine har vi dessutan høyrd både på gitar og vokal med ulike musikarar, blant anna med Martine Frotveit Johnsen på Øyafest og på solidaritetskonsert.

Her ser du når Josefine og Martine syng «Lift me up» av Rihanna:

Tetiana Sorochan braut saman midt i sin eigen song, men kom sterkt tilbake. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògFor Ukraina: Tårer, jubel og ståande applaus

– Med Twisted Days prioriterer vi å spela mykje live, og har søkt om støtte til utstyr og til ein sommarturné, fortel Josefine.

Men dei har òg vore i studio.

– Vi har gitt ut ein EP og vi har spelt inn fire nye låtar. Den første av desse fire har vi sleppefest for på Kvarteret i Bergen fredag 19. januar.

Bandet har allereie blitt booka til fleire spelejobbar i Bergen til sommaren, og jobbar no med å koma seg inn på nokre festivalar.

– Blant desse er Arnemoen Gard i Ringebu. Der spelte vi i fjor, etter festivalen, og det var ein veldig koseleg plass!

Svar på Drømmestipendet kjem 1. februar.

Her er dei nominerte frå Bjørnafjorden:

Kajsa Bøyum

Kategori: Skapande skriving

Bøyum har skrive fleire gangar for BT meiningar, og kom heilt til finalen i BT sin skrivekonkurranse i 2021 med diktet «Eg vonar».

Twisted Days

Kategori: Musikk

Victoria Bakka

Kategori: Musikk

Om Drømmestipendet

Ordninga blei etablert i 2004. Sidan den gang har over 2000 unge mottatt stipendet.

For å få stipend må utøvarane søkja. Søknaden går først gjennom ein nomineringsprosess i kommunen du søker frå.

Om kommunen nominerer søknaden, sendas den vidare til nasjonal juryering.

Den nasjonale juryen er ein mix av fagjury og draumejury.

På heimesida til Drømmestipendet anbefaler dei å legga vekt på beskrivelsen av draumen din.

I Drømmestipedet er draumen like viktig som dine faglege ferdigheiter og blir vurdert av ein eigen jury.

Du kan motta stipendet berre éin gong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.