Norge Rundt var med då Kvitaskjeret fekk stake
– Her har fleire gått på grunn.
Fredag var tryggleik på sjøen ein blå tråd gjennom Norge Rundt-sendinga.
Redaksjonen var med Kystverket, «vegvesenet til sjøs», først på inspeksjon på Fleslandskjeret fyr, så på Kvitaskjeret utanfor Nordstrøno for å montera eit sjømerke.
– Her har fleire båtar gått på grunn. Vi ser det er mykje hytter i området, så det er nok ein del trafikk med fritidsbåtar her, sa Arild Danielsen frå OV «Utvær» om mogleg årsak til at akkurat dette skjeret skulle merkast.
Kvitaskjeret ligg mellom Nordstrøno og Skåtøya.
OV «Utvær» la seg ved skjeret og løfta ut ein rigg for å bora hol å festa staken i.
– Det er alltid eit visst faremoment når vi set føtene på riggen ned, sa Danielsen.
Så glei den, og det buldra godt. Men ingen ramla av riggen, og arbeidet med boring, vatring og festing av staken kunne halda fram.
Du kan sjå Norge Rundt-episoden på NRK.no
4 av 11 «kapittel» av episoden er frå toktet med Kystverket.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.