Lokal | 29. juli 2009

Ny frontkollisjon

Onsdag ettermiddag, to dagar etter førre frontkollisjon, skjedde det same igjen.

Ny frontkollisjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juli 2009 16:30

Bildeserie:

1 av 4

- Det er malt ny gul stripe i vegen på dette stykket, og denne er glatt. Det er mogleg at det kan ha verka inn, seier politibetjent Stian Romslo til midtsiden.no.

Måndag blei ein mann i 70-åra sendt til sjukehus med lettare skadar etter å ha kome over i motsett kjørefelt i svingen ved Storestraumen. I den same svingen blei ein person lettare skadd i frontkollisjon onsdag ettermiddag.

- Det var passasjerar i begge bilane, kone i den eine, ei ung jente og eit barnebarn i den andre, opplyser politiet. Ei kvinne hadde smerter i nakken etter kollisjonen, men ingen blei alvorleg skadd.

Det blei stopp i trafikken og kø i begge retningar etter ulykka, men no er vegen open igjen og begge bilane taua vekk.

Den eine bilen var borti ein buss etter den første kollisjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.