Lokal | 14. apr. 2020

Ny heim for gamal UFO

Søfteland barneskule har i mange år hatt sin eigen UFO. No er han blikkfang langs E39.

Ny heim for gamal UFO
Slick Iverson poserer ved UFO-en han har adoptert. (Foto: Uidentifiserbar person)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 14. apr. 2020 20:14
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Etter å ha pynta skogsområdet på Søfteland barneskule i over 15 år, har det no vorte flytting og ein ny heim for den gamle UFO-en.

Slick Iverson (30), som han kallar seg når han er i UFO-humør, gjekk sjølv på barneskulen då UFO-en vart avduka.

No har han tatt den med seg heim.

UFO-en er synleg frå E39, vis a vis fotballbanen Stilvoll. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
UFO-en er synleg frå E39, vis a vis fotballbanen Stilvoll. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

– UFO-en var i utgangspunktet eit kunstprosjekt på Søfteland barneskule for mange år sidan. Då eg køyrde forbi skulen her om dagen såg eg at dei hadde rydda litt skog, og i tillegg at dei hadde tatt ned og demontert den gamle UFO-en.

– Då spurte eg dei om eg kunne ta den med meg heim, og det gjekk fint.

– Sjølv om det hadde vore kjekkare å seia at den landa i hagen min og at eg ikkje veit kvifor, humrar Iverson.

Slick Iverson poserar på UFOen. (Foto: Uidentifiserbar person)
Slick Iverson poserar på UFOen. (Foto: Uidentifiserbar person)

Eigne UFO-planar

Vidare kan Iverson fortelja om eigne planar om den gamle UFOen.

– I utgangspunktet er det berre litt pynt. Sjølv om det hadde vore kjekt å grava den litt ned i jordet, som om den verkeleg hadde krasjlanda. For så å setja opp ei røykmaskin. Då trur eg folk hadde reagert på ein annan måte. Men vi får sjå kva framtida bringer.

Slick Iverson poserar på UFOen. (Foto: Uidentifiserbar person)
Slick Iverson poserar på UFOen. (Foto: Uidentifiserbar person)

LED-lys drifta på solcellepanel er allereie montert, disken i hagen lyser opp om kvelden.

– Søftelendingane har no litt kjennskap til denne UFO-en, og eg tenkte at det er kjekkare å ta vare på den enn å kasta den, avsluttar Iverson.

LED-lysdrifta av solceller får UFO-en til å lysa opp om kvelden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
LED-lysdrifta av solceller får UFO-en til å lysa opp om kvelden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.