Sport | 03. juni 2020

Med Tyrkia-tur i 1. premie blei det nesten deltakarrekord

Bjørnefjorden Golfklubb med 79 på lista i Belka Golf Nordic Open.

Med Tyrkia-tur i 1. premie blei det nesten deltakarrekord
Deltakarmengda var så stor at den måtte delast i to. (Foto: BJGK)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 03. juni 2020 20:47

I pinsehelga gjekk Belka Golf Nordic Open av stabelen hos Bjørnefjorden Golfklubb på Hauge.

Med til saman 81 påmeldte deltakarar låg det nesten an til ny klubbrekord.

– I forhold til mengda deltakarar var vi svært nær, rekorden er på 82 frå 2014. 79 stilte til start, og det er sjølvsagt veldig kjekt. Dette er ei turnering som foregår i fleire nordiske land, der vinnaren går vidare til ei finaleveke i Tyrkia, seier dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Bjarte Wiberg.

Sjølve turneringa måtte splittast i to grunna korona.

– Vi var nøydde til å dela turneringa i to delar, slik at vi var 40 deltakarar på kvar gruppe som starta.

Siger til lokal, ung mann

Vinnaren av Belka Golf Nordic Open vart Anders Grasdal frå Nordvik. Han er i starten på 30-åra og medlem i Bjørnefjorden Golfklubb.

– Anders er ein ung og god golfspelar frå Bjørnefjorden. Han har eit forholdsvis lågt handikap, og det var difor ganske imponerande at han stakk av med sigeren til slutt, synest Wiberg.

No ventar det eit flott opphald i Tyrkia på Grasdal.

– Dette er ein veldig flott premie. Han får delta i ein turnering i Tyrkia, der han bur på eit flott reservat med «all inclusive», og kjem nok til å kosa seg mykje. Planen var at denne turneringa skulle haldast i oktober, men viss ikkje det vert noko av grunna korona, så vert den nok utsett til neste år.

Vinnar Anders Grasdal, innfelt og med ryggen til. (Foto: Privat/BJGK)
Vinnar Anders Grasdal, innfelt og med ryggen til. (Foto: Privat/BJGK)

Anders sjølv vart noko overraska over sigeren.

– Eg gjekk i siste pulje. Det gjekk rykte om at nokon gjekk ein betre runde tidlegare på dagen, men det var det altså ikkje, seier Anders nøgd.

Han har 6,4 i handikap, men har hatt lågare handikap før. Den einaste som spelte betre, om vi ser vekk frå handikap, var Alexander Heggland.

– No skal eg spela regionturnering laurdag, der handikap ikkje blir tatt omsyn til. Då blir det tøffare å vinna. Men det gjeld å prestera i desse dagar, når det er uttak til lag-NM.

Anders, her på ein minigolfbane i varmare strøk, vann i pinsen ein tur til Tyrkia. (Privat foto)
Anders, her på ein minigolfbane i varmare strøk, vann i pinsen ein tur til Tyrkia. (Privat foto)

God aktivitet

Bjørnefjorden Golfklubb kan skilta med god aktivitet i klubben trass korona.

– For vår del så har vi klart å oppretthalda god aktivitet, ettersom vi klarar å operera med små gruppar. På golfbanen er det godt med plass, vi er utandørs og det vert lett å halda seg innanfor reglar i forhold til smittevern. Men turneringar har ikkje vore arrangert føri starten av mai.

No vert det meir og meir aktivitet, og Wiberg gler seg stort til sommarens aktivitetar.

– Allereie 20. juni vert det ny turnering. Dette vert ei par-turnering, og denne turneringa er blandt dei største i norden. Det er kring 130 ulike klubbar i Noreg, Sverige og Danmark som arrangerer denne turneringa, så vi gler oss skikkeleg, avsluttar Wiberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.