Lokal | 16. aug. 2011

– Nydeleg å vera med i NM!

Båtbyggar Hallgeir Bjørnevik segla NM i oselvar i Austevoll i helga.

– Nydeleg å vera med i NM!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. aug. 2011 08:58

Austevoll Seilforening var arrangør av årets NM i oselvar, som blei halde på Møgsterfjorden 12. til 14. august.

– 20 nystrigla oselvarar, rigga med segl og lasta med mannskap, eg synes NM viser kremen av oselvarar, seier båtbyggar Hallgeir Bjørnevik frå Os.

Oselvaren har blitt brukt som regattabåt samanhengande sidan slutten av 1800-talet og har sidan 1978 vore eigen regattaklasse i Norges Seilforening.

5. plass i siste seglas

Bjørnevik var mannskap på «Peder», der Kjell Magnus Økland er rormann.

– Dette var andre år eg var med. Det beste vi klarte var 5. plass i tredje og siste seglas.

– Men det var veldig kjekt og mykje action, det var blant anna fire båtar som kullsegla, seier Hallgeir og ler.

Nils-Ove Nipen vann

I tillegg til Bjørnevik var Eva og Bjarte Sandtorv med frå Os.

– Dei hadde med både mor og unge, så dei var tre generasjonar om bord, fortel Hallgeir.

Medan Bjørnevik og Økland kom på 13. plass hamna familien Sandtorv på 9. plass.

Nils-Ove Nipen frå Milde Båtlag vann framfor Jan Vee frå Siglarlaget Njord/Tysnes.

Heile resultatlista fin du på Austevoll Seilforening sine nettsider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.