Lokal | 28. aug. 2015

Nye veglys langs kommunale veger

Innan nyttår skal 400 veglys langs dei kommunale vegane vera skifta til nye og energieffektive LED-lamper. Innan 3 år skal alle vera skifta.

Nye veglys langs kommunale veger
Alle veglys langs dei kommunale vegane skal skiftast i løpet av dei tre kommande åra (foto: AH)
Andris Hamrefredag 28. aug. 2015 08:43

BKK har, på vegne av Os kommune, starta arbeidet med å skifte ut alle gamle kvikksølvlamper med nye miljøvennlege og energieffektive LED-lamper.

– BKK forvaltar veglysa i Os på vegne av Os kommune. Over ein treårsperiode skal BKK skifte ut alle dei om lag 1000 veglysa langs kommunale vegar i Os med nye LED-lamper. Arbeidet er i gang, og BKK reknar med å skifte ut 400 alt innan årsskiftet. Det kan hende at det vil gå lengre tid enn normalt når ei lampe blir mørk, fordi dei skifter heile strekningar og ikkje enkeltvise lamper, fortel Marianne Kramer, sjef for teknisk eining i Os kommune.

Blei forbode i 2008

Lampene i veglys har tradisjonelt innehalde kvikksølv, som kan gje alvorlege skadeverknader for miljø og menneske. I 2008 blei det innført forbod mot bruk av stoffet i produkt i Noreg.

– Når ei gamal kvikksølvlampe i eit veglys sløkkjer, finst det difor rett og slett ikkje lenger lyspærer som passar til lampa. Det inneber at heile lampa må skiftast ut når pæra går. Heldigvis har verda gått vidare og gitt oss trygge, miljøvenlege og energieffektive LED-lamper, som både lyser betre opp og lever endå lengre enn forgjengaren - faktisk inntil 25 år, seier Kramer.

Dei nye veglysa brukar 50 til 80 prosent mindre straum enn kvikksølvlampene, og inneheld ingen miljøfiendtlege tungmetall. I tillegg er lampene sjølvreinsande.

Den systematiske utskiftinga gjeld ikkje fylkesvegar eller private veglys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.