Politi | 28. juli 2023

Observerte rev med skabb

Kan vera smittekjelde.

Observerte rev med skabb
Ein rev med skabb observert og seinare avliva på Drange i 2018. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. juli 2023 07:54

Torsdag kveld litt før klokka 23 fekk politiet melding om observasjon av ein rev med skabb.

– Observasjonen blei gjort i Hegglandsdalen. Vi ber publikum kontakta oss om dei observerer den igjen, då den kan smitta andre dyr, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Rev med skabb kan ofte framstå som tam, då den blir svekka og har vanskar med å fanga seg mat, går den gjerne nærmare bustadar og gardar.

– Reveskabb er ubehageleg for menneske, men ikkje farleg, sa viltkontakt Espen K. Andersen til Midtsiden i samband med ein rev med skabb på Drange i 2018.

– Men skabb er veldig smittsamt, andre dyr kan til og med bli smitta av å gå der reven har gått.

– Skabb overlever i pels som reven har mista, derfor bør hunde- og katteeigarar i området kontakta veterinær.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.