Sport | 03. feb. 2019

Os Fotball vann pris og 40.000 kroner

Eat Move Sleep: I fjor fekk dei pris for innsats for eldre, i år blei dei kåra til årets klubb.

Os Fotball vann pris og 40.000 kroner
Os Fotball stilte sterkt på EMS-konferansen i Oslo i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. feb. 2019 11:30

Os Fotball har dei siste åra vore blant 37 kvalifiserte av over hundre søkjarar til å vera Eat Move Sleep-ambassadør. Ambassadør-rolla handlar både om profilen på barnefotballcupen dei har om sommaren, men òg på korleis klubben tar EMS-bodskapen med seg gjennom resten av året.

I januar i fjor fekk Os pris for sitt samarbeid med eldre, ikkje minst med Os Pensjonistforening. I helga blei dei kåra til årets Eat Move Sleep-klubb.

– Vi set stor pris på utmerkinga og pengestøtta, og eg synest det er spesielt kjekt at så mange av dei som jobbar med Eat Move Sleep på Kuventræ året gjennom hadde sjanse å vera med, seier dagleg leiar Endre Brenne.

– Dette er ein pris som heng høgt og som heile klubben skal vera veldig stolt over. Det er eit bevis på at klubben gjer mykje bra for born og unge og at frivilligheita lever i beste velgåande. Alle i og rundt klubben kan trykka dette til seg og gi seg sjølv ein god klapp på skuldra.

Gode, frivillige krefter

Os Fotball stilte med ein delegasjon på til saman åtte medarbeidarar, dei fleste er ivrige, frivillige krefter som står på året rundt;

Annette Kleppe og Solfrid Vernøy, som har ansvar for drifta av kiosken på Kuventræ, som er døypt om til Eat Move Sleep-kiosken. Støttespelane John Ole Johannessen, Tore Kleppe, og dei EMS-frivillige Elisabeth Nedrelid, Trude Riple og Eirik Rødberg.

– Dei og mange andre står verkeleg på for klubben. Vi har eit dugnadsteam få andre kan skilta med! meiner Endre.

Under pristildelinga fekk Os ros for å, i tillegg til å arrangera ein flott fotballcup, takla ambassadør-rolla på ein framifrå måte. Eat Move Sleep er blitt godt forankra hos spelarar, trenarar og frivillige i klubben.

Heldt foredrag

Brenne var invitert til å halda foredrag under konferansen. Der fortalte han om korleis klubben implementerer EMS-filosofien året gjennom.

– Bodskapen om sunn mat, hyppig aktivitet og god søvn bringer vi vidare til alle deltakarane på fotballfritidsordninga, akademiet og i treningskvardagen. I tillegg tar vi det med oss ut i felten, anten vi arrangerer dans med eldre på Luranetunet eller besøker ein sponsor, fortel Brenne.

Flyttar cupen til over sommarferien

Barnefotballcupen på Kuventræ samlar over 1000 fotballspelarar i barneskulealder. Den har tidlegare hatt namn etter sponsorar, frå Drageset og Rema 1000 via Bendit og Bama til å bli del av den riksdekkande EMS. I år, for fjerde år på rad, skal cupen arrangerast som Eat Move Sleep cup.

• Les òg: Fotballcupen der alle skal kvila

I fjor fekk cupen besøk av blant andre Gunnhild Stordalen.

• Sjå video frå EMS-cup i 2016 og 2017

Tidlegare år har cupen blitt arrangert i starten på juni, i år skal den for første gong gå av stabelen etter sommarferien.

– Starten av juni er travel frå før, i tillegg er årets pinse på den tida. Vi reknar med at cupen kolliderer med litt færre ting i månadssiftet august-september, seier Brenne.

Årets dato er 31. august til 1. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.