Jakt, fiske og natur | 13. jan. 2024

Oselvo: Statistikk og observasjonar

Totalfangst, topp 10, gjeddeobservasjon og uttaksfiske.

Oselvo: Statistikk og observasjonar
Sone 2 på sesongopning 1. juni i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. jan. 2024 09:10

Grunneigarar og fiskarar har før jul fortvilt over forureining av sideelvene, etter eit uhell dei reknar med fylkeskommunen kjem med avbøtande tiltak for.

Dei har tidlegare i haust oppsummert både fangst, uttaksfiske og ein formidabel dugnadsinnsats for å halda bestanden oppe.

– 100 villaks, til saman 348 kilo, er under snittet av fangsten dei siste åra, men ikkje katastrofe, meiner leiar for forvaltingslaget, Roald Helle.

– Fleire elver rapporterer om dårleg innsig av laks til elvene, og fleire faktorar kan spela inn. For Oselvo sin del så var det bra med vatn, men låg tempereatur i vatnet i starten, og då bit ikkje fisken. Då det endeleg blei varmt, var det lite vatn, noko som òg påverkar fisket.

Total fangst 2023
100 villaks 347,7 kg
52 sjøaure 64,4 kg
8 oppdrettslaks 27,8 kg
6 pukkellaks 6,3 kg
15 gjedde 10 kg

Du kan lesa fleire detaljar frå fangstoppsummeringa på Facebook-sida Oselvo (publisert 20. september).

Topp 10 største laks i 2023
1. Thore Mykkeltvedt - 10.2 kg - Tøsdalvatnet
2. Karani Agai - 10.0 kg (Holaks - 102 cm) - Tøsdal
3. Thore Mykkeltvedt - 9.2 kg - Tøsdalvatnet
4. Johnny Lund - 8.5 kg - Sone 2 Veisio
5. Johnny Lund - 7.5 kg - 95 cm - Lundetræ
6. Thore Mykkeltvedt - 7.2 kg - Tøsdalvatnet
7. Johnny Lund - 7.0 kg - Lundetræ
7. Hugo Hjelle - 7.0 kg - Tøsdal
8. Torodd Rimstad - 6.9 kg - Sone 2
9. Kjell Morten Søvik - 6.5 kg - Klekkerihølen Lundetræ
10. Roald Helle - 6.5 kg - Søfteland
Kjelde/sjå bilde av alle: prohd.no

Ut med oppdrett: Nesten dobla dugnad

Utfiskingen av oppdrettsfisk blei avslutta rundt jul.

– Etter den store rømminga av regnogeaure på Austevoll var det naudsynt med ekstra innsats, og innsatsen blant uttaksfiskarane våre var formidabel! fortel Helle.

15 fiskarar har i haust brukt 1000 timar totalt, mot 600 timar, som har vore snittet tidlegare.

Det blei tatt ut cirka 100 regnbogeaure og cirka 20 oppdrettslaks (i tillegg til 8 i sesongen).

Det har òg kome gledelege rapportar når det kjem til oppdrett. I går kunne Helle meddela at det har kome ein ny rapport fra NINA om genetisk påverknad av oppdrettslaks på villaksen.

«Utrolig men sant, Osvassdraget er et av kun 82 bestander Norge som får tilstand grønn, dvs svært god eller god, ingen genetiske endringer observert» skriv Helle på Oselvo, og takkar igjen for den gode dugnadsinnsatsen.

Gjedda har spreidd seg

I midten av september blei det tatt gjedde i sone null, altså i nedste del av Oselvo.

– Så vidt eg kjenner til, er dette første gong det er tatt gjedde så langt nede. Det betyr at gjedda har spreidd seg i heile vassdraget, og at det er fare for at den går opp sideelvene til Ulvenvatnet og Banktjørn.

Ei gledeleg melding er likevel at talet på ungfisk i området Kremretten, etter teljing gjennomført av Rådgivende Biologer, er firedobla frå fjoråret.

– Det er godt jobba av dei som driv med utfisking av gjedde! meiner Helle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.