På laurdag kan du gjera eit plantekupp
Os Hagelag inviterer til planteloppemarknad med kortreiste planter.
Jan Helge Gram Eggestøl frå Os Hagelag fortel at planteloppemarknaden vil gå av stabelen ved Baronselva laurdag føremiddag;
– I Os kommune er det mange som har kjøpt seg tomt, og som er i ferd med å etablere seg med hus og hage. Andre vil kanskje fornya hagen med nye planter. Slike innkjøp av planter er ofte kostbare, og på laurdag er det mogleg å få tak i planter til ein nokså rimeleg sum, fortel Eggestøl.
Kortreiste planter
Plantene som kjem for salg på laurdag har ikkje reist langt, fortel Eggestøl;
– Desse kjem frå ulike hagefolk i Os som hentar planter frå eigen hage, og som dei gjev vidare til Os hagelag.
– Det er rett slett «kortreiste» planter. Samstundes er du med og støttar Os Hagelag.
Under planteloppemarknaden blir det sal av ulike vekstar som bærbuskar, staudar, grønsaker, krydderplanter og sommarblomar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.