Sport | 10. mars 2020

På veg mot eliten

Seks svømmarar frå Os er kvalifisert for LÅMØ i Førde til helga.

På veg mot eliten
7 av dei 10 i A-gruppa, f.v.: Emma, Noah, Hedda, Sindre, Emil, Jakob og Sondre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. mars 2020 12:15

Mens rekrutteringa i Os Svømmeklubb er strålande, og mengda svømmarar i «B-gjengen» er rekordhøg, kjempar ti osingar i A-gruppa mot dei beste i landet.

I midten av februar deltok dei i kvalifisering til LÅMØ (landsdels-årsklassemønstringa), som har plass til berre dei 24 beste svømmarane per klasse.

Desse seks frå Os kvalifiserte seg: Emma Skarstein Kjetland, Janne Marie Holm, Tracey Malene Holm, Sondre Førde Valle, Jakob Austevoll Harlem og Emil Austevoll Harlem.

Tøff konkurranse - hard treningskvardag

6 av dei 10 frå Os som prøvde seg, klarte kvalifiseringskravet. Andre hadde betre tider enn før, men hamna litt utanfor topp 24.

– Eg sette ny personleg rekord, men fekk dårlegare plassering enn sist, fortviler Sindre Haarstad.

Han kvalifisert seg til LÅMØ i fjor, men hamna utanfor i år.

– Det var fleire deltakarar i klassen min, nokre av dei er folk frå Stavanger eg ikkje har sett før.

Trass at dei er i toppen i sin region, trener så og seia alle A-svømmarane i Os også andre idrettar, som fotball, handball og dans.

– Det er kjekt å driva med fleire ting, samtidig trur eg vi blir betre i annan idrett av å trena svømming, seier Emma Kjetland.

Treningsvenninna Tracey kvalifiserte seg første gong ho prøvde, men har hamna utanfor tre år på rad fram til ho no er i toppen igjen.

– Dei gode resultata er ikkje overraskande, synest hovudtrenar Thomas Harlem.

– Tidlegare sendte vi dei beste frå Os til meir trening og jamnare matching i klubbane i Bergen. Dei siste åra har vi auka tilbodet for dei som har kome lengre, A-gruppa har no seks faste økter i veka i bassenget, og i feriar trener dei ofte to gongar om dagen.

– Ungdommene er svært fokuserte og hardtarbeidande, anten vi driv med teknikktrening eller meir fysisk krevjande øvingar. Dei har eit svært godt miljø seg imellom, og er veldig flinke til å støtta kvarandre både i trening og i konkurranse.

14-åring til junior-NM

Fleire av Os-svømmarane sette nye personlege bestenoteringar under LÅMØ-kvalik stevnet. Emil Austevoll Harlem var i særklasse.

Han fyller 15 år først i november i år, men klarte kvalifikasjonskrava til junior-NM på både 100 meter butterfly og 200 meter bryst. Junior er til og med fylte 18 år.

Emil A. Harlem fyller 15 først i november, men er allereie kvalifisert til å kjempa mot dei beste 18-åringane i landet. (Foto: KVB)
Emil A. Harlem fyller 15 først i november, men er allereie kvalifisert til å kjempa mot dei beste 18-åringane i landet. (Foto: KVB)

Sjølv om treningstilbodet i moderklubben er bra også for eliten, har Emil kome så langt at han no får auka ressursar rundt seg.

– Emil har i vinterferien trent med svømmarar frå seniorlandslaget, blant anna Markus Lie og Erik Giskehaug, på Norges Svømmeforbunds Elitesenter i Bergen. Her har han fått god vegleiing og opplevd tøff trening med nokre av dei raskaste svømmarane i landet. Det blei òg gjennomført måling av oksygenopptak og melkesyreterskel, og tatt videoanalyse av teknikken hans, fortel trenar Thomas.

Han er blant to yngre svømmarar i Bergen som jamleg blir invitert inn til Elitesenteret for oppfølging. Han trener òg to økter i veka med eliteklubben Bergensvømmerne.

Vesle Os med seks kvalifiserte

Til helga deltar dei seks kvalifiserte frå Os i LÅMØ i Førde. Her held det ikkje å vera god i èi øving, deltakarane må gjennomføra fem øvingar (400 fri, 100 butterfly, 200 bryst, 200 rygg og 200 medley) med stil for å skåra bra.

Det blir kåra distansevinnarar og samanlagtvinnarar. Dei beste går vidare til landsfinalen, aldersbestem NM, i juni. For å kvalifisera deg må du vera blant dei 30 beste i Noreg i din klasse.

– At vi er seks kvalifiserte frå ein liten klubb som Os, synest eg er imponerande. Det skal bli spennande å sjå korleis dei klarer seg i hard konkurranse mot dei beste frå heile Vestlandet, seier Harlem.

Neste stemne for nokre av dei beste svømmarane frå Os er internasjonale Bergen Swim Festival i ADO Arena islutten av mars.

Så reiser Os Svømmeklubb saman med venar i Arna Svømme- og Livreddningsklubb på treningsleir i Spania for å skjerpa formen inn mot vår- og sommarsesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.