Jakt, fiske og natur | 08. mars 2023

Pressa seg fram i 3 minusgradar

– Tidleg til å vera i indre strøk.

Pressa seg fram i 3 minusgradar
Kusymre har byrja å visa seg. Dette bildet blei tatt tysdag 7. mars. (Foto: Tore Øvreeide)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. mars 2023 08:32

Det har vore strålande sol, men ganske kaldt i førre veke og desse første dagane etter vinterferien.

Onsdag for ei veke sidan observerte Anna Lena Skaathun hoggorm i Øyane, i går såg Tore Øvreeide frå Hegglandsdalen eit anna vårteikn på Lio.

– Det er tidleg til å vera i indre strøk. Det er tre minusgradar her no, og på vegen 50 meter bortanfor var det snø, fortel Øvreeide.

Det er meldt sol og minusgradar til og med fredag, men snø fredag kveld og laurdag, og sludd søndag og måndag. Sjå vêrmelding for Osøyro på VG Pent.

Vinter på vegen, vår mellom granene. (Foto: Tore Øvreeide)
Vinter på vegen, vår mellom granene. (Foto: Tore Øvreeide)

Kusymre (Primula vulgaris) er ei plante i nøkleblomfamilien. Slektsnamnet Primula betyr «den første om våren», vulgaris betyr vanleg.

Kusymre var fylkesblomst for Hordaland (Sogn og Fjordane hadde revebjølle). Lokalt på Vestlandet blir den òg kalla kublom, nokre stadar blir den kalla kusømra, kusom, gulveis, liblom og kosmos.

Planta veks i store delar av Europa. I Norge er den vanleg i kyststrøk frå Aust-Agder til Sør-Trøndelag. Den veks i fuktig, skyggefull skog og grasbakkar, og trivst også godt nær sjø.

Kusymre har vore brukt til urtemedisin. Den er ikkje giftig, men kan gi allergiske reaksjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.