Pengedryss på heile ni Hagavik-naboar i Postkodelotteriet
I Hagavik er det heile 9 naboar med lodd, og alle vinn 10.000 kroner kvar!

Kvar einaste måned ringer Postkodelotteriets ambassadørar, Tom Stiansen og Jorun Stiansen til heldige vinnarar over heile landet.
Tom frå Hagavik er ein av vinnarar som nyleg fekk ein hyggeleg videosamtale frå navnebror Tom Stiansen.
Vinnar-Tom kan fortelje at han starta å kjøpe lodd i Postkodelotteriet for å vera med og støtta gode føremål.
Minst 50 prosent av lotteriets omsetjing går nemleg til WWF Verdas naturfond og SOS-barnebyer.
– Eg såg jo at du har moglegheit til å vinna óg, men eg har i grunn berre tenkt at eg er med på å støtta noko, seier Tom.
Trampoline og badebasseng
For når du er med å støtta, har du moglegheita til å vinna òg.
Og med 10.000 kroner ekstra på konto, kan Tom avsløra at dotteras ønskje om trampoline og badebasseng til hagen, nok blir oppfylt i sommar.
– Det er utruleg kjekt å ringa opp vinnarane våre. Vi rekk diverre ikkje å ringa alle, men dei som ikkje får ein telefon kan venta seg eit hyggeleg vinnarbrev i posten, seier Jorun Stiansen.
I tillegg til Tom, vinn både Marit og sju andre naboar 10.000 kroner kvar i postkode 5217 DP Hagavik i dag.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.