Lokal | 23. apr. 2020

Reparasjon av gjestebrygga er i gang

– Eg får mange spørsmål om kor tid den blir ferdig, seier Arefjord.

Reparasjon av gjestebrygga er i gang
Kommunen har venta på stille sjø og låg fjøre. No er arbeidet i gang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. apr. 2020 13:00
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Delar av gjestebrygga, frå Esso til Peppes, blei skadd i vinter. No er reparasjonsarbeidet i gang.

– Brygga har tolt mykje juling i rundt 30 år, vi har berre hatt småskader på den til no. Ekstremflo kombinert med vind og høge bølgjer frå ugunstig retning var nok avgjerande, seier Per Atle Arefjord frå prosjektavdelinga til Bjørnafjorden kommune.

Søndag 9. februar, dagen før den høgaste ekstremfloa sidan 1950-talet løfta seg i Os sentrum, var det frisk bris og høge bølgjer i Os hamn.

Skadd for millionbeløp

Festene i toppen av fleire pilarar blei knekte rett av. Seinare fekk den lause brygga meir juling, og i februar blei den avsperra delen broten laus av nye bølgjer.

– Takstmann har sett på skaden, men vi har ikkje fått summen enno. Eg reknar med det er snakk om millionbeløp.

Rundt 70 meter av gjestebrygga har vore sperra av sidan januar. No er reparasjonen i gang. (Foto: KVB)
Rundt 70 meter av gjestebrygga har vore sperra av sidan januar. No er reparasjonen i gang. (Foto: KVB)

Delar av arbeidet må gjennomførast på fjære sjø, og det blei venta til april, då sjøen normalt er meir stille. Ein ekstern konsulent har hjelpt kommunen med planlegginga, og Dørmænen & Eide, som har rammeavtale, utfører jobben.

– Dei har god erfaring med bryggebygging, og vi føler oss trygge på at dei vil utføra eit solid arbeid.

Ferdig i mai

Arefjord seier han får fleire spørsmål om kor lang tid arbeidet vil ta.

– Sjølv om vi har mange meter med brygge og kai i Os hamn, er dette eit fint og viktig stykke for mange, en del av ein populær gangveg mellom sentrum og Mobergsvikjo.

Rundt 70 meter med dekke er plukka opp. No blir pilarane erstatta og forsterka, metallrist skal på plass for å redusera krafta i framtidige bølgjer, og så skal dekke på. Fleire av materialane er behandla med kreosot, og var bestillingsvare.

– Vi reknar med at det vil gå ei veke eller to inn i mai før arbeidet er ferdig og brygga klar for bruk igjen. Uavhengig av korleis vi skal feira 17. mai denne korona-våren reknar eg med at folk gler seg til å få brygga fin igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.