Lokal | 31. des. 2016

Riktig godt nyttår!

Nyttårshelsing frå ordførar Marie E. Lunde Bruarøy.

Riktig godt nyttår!
Ordførar Marie E. L. Bruarøy ønskjer alle eit riktig godt nytt år (foto: KVB)
Andris Hamrelørdag 31. des. 2016 08:31

2016 har vore atter eit innhaldsrikt og spennande år for Os kommune. For underteikna vart det særs spesielt då det rett før jul vart ein realitet at Terje Søviknes skulle utnemnast som statsråd for olje- og energidepartementet, og eg ville overta som ordførar. Eg er audmjuk og spent, men samstundes svært motivert for oppgåvene som ventar i 2017.

Eg er heldig som får æra av å vera ordførar i ein vekstkommune som Os er. Vi er framleis ein av dei kommunane i landet som veks raskast, og i haust passerte vi 20.000 innbyggjarar. I kommunestyremøtet 12.januar vil dette markerast ved at kommunen i samarbeid med det lokale næringslivet vil gjera litt stas på innbyggjar nr. 20.000.

Det å vera ein kommune i vekst, kan vera krevjande og utfordrande. Samstundes gjev det oss nye moglegheiter. Moglegheiter for fornying, nyskaping og utvikling. Vi opplever ei bygd med mykje byggjeaktivitet, både på veg og anlegg. Ny E39 Os-Bergen er i full sving, og næringsområdet Lyseparken byrjar så smått å ta form. Liv på Øyro-prosjektet har materialisert seg med nytt golv på Osøyro, og skal fullførast med baldakinar og bymøblar på vårparten. Vi ser ein god trend med nyetableringar i handelsstanden, og registrerer at Osøyro har ein positiv vind over seg. Den første av i alt fire bølgjebrytarar er på plass, og vi vonar at Os havn kan utviklast som ei av dei mest attraktive turisthamnene i regionen. Os har eit stort potensiale som turistattraksjon, og promotering av Destinasjon Os vert spennande å følgja i åra som kjem. I tillegg er vi i startgropa for «Bjørnefjorden matkultur» som er eit spennande prosjekt som skal mobilisera matprodusentar i Bjørnefjordsregionen til tettare samarbeid og marknadsføring av lokalprodusert mat.

Vi ser nye Luranetunet reisa seg, og kunne rett før jul markera tett hus med karanselag for dei som er involverte i prosjektet. Vi ser med glede fram til å opna det nye omsorgssenteret seint 2017 med 90 nye rom. På nyåret startar grunnarbeid på Kuventræ, der det skal klargjerast for byggjing av ny dobbel idrettshall, som igjen gjev idretten moglegheiter til fortsatt å bløma. Ved skulestart til hausten, vil Lunde skule ta i mot elevar i ein heilt ny klasseromsfløy, til glede for både lærarar og elevar.

I juni gjorde kommunestyra i Os og Fusa historiske vedtak om at vi frå og med 1.1.2020 skal bli ein kommune. Det vert eit krevjande arbeid dei komande tre åra, med å få to organisasjonar til å smelte saman. Dette er eit stort prosjekt som vil involvera mange, men eg er sikker på at saman vil vi lukkast med å etablera ein ny kommune.

Til slutt vil eg gratulera Osingane med heideren av Oselvaren, og Oselvareverkstaden sitt mangeårige arbeid med å få verdsatt byggjeskikken av Noregs nasjonalbåt. Det å vera ein av 12 land som har fått immateriell kulturarv på UNESCO si verdensarvliste er stort, og noko vi kan vera svært stolte av. Tusen takk til alle som i generasjonar har bidrege med å halda Oselvaren og hans historie i hevd.

Eg vil med dette takka for året som har gått, og ynskje alle saman eit riktig godt nyttår! Måtte 2017 bli minst like innhaldsrikt og spennade som 2016! Håpar å sjå mange av dykk til felles fyrverkerioppskyting i Os Havn 1. nyttårsdag kl 20.00!

Venleg helsing
Marie E. L. Bruarøy
Fungerande ordførar, Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.