Lokal | 18. jan. 2021

Røde Kors styrkar utrustinga på ny ATV

I helga fekk sponsor lufta seg, no jobbar dei med neste utstyrspakke.

Røde Kors styrkar utrustinga på ny ATV
Lise Marlen Scheie frå Fana Sparebank Os fekk sitja på med ATV-en som banken har skodd med beltedrift. (Foto: Team Baggen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. jan. 2021 10:11

Våren 2020, to veker før koronapandemien kom til Noreg, fekk Os Røde Kors ein ny ATV.

Den kraftige Can-Am 650-en blei vist fram då Røde Kors fekk oppdrag tidleg i pandemien, blant anna med å desinfisera daglegvarekundar.

I førre veke var ATV-en på nye tokt, for å køyra løyper på golfbanen til trening og skirennet laurdag.

– Vi har fått brukt ATV-en på fleire oppdrag, både i Os og under aksjonar andre stadar i bergensområdet, seier Marius Bøe, leiar i Os Røde kors hjelpekorps.

– Men vi ønskte å gjera den rusta for vinterforhold, og sendte ut epost til potensielle sponsorar, der vi informerte om hjelpekorspet, ATV-en og prisen på belte til denne.

Første med belte i området

Etter få dagar fekk dei svar frå Fana Sparebank. Dei ville ikkje berre støtta innkjøpet, dei finansierte heile.

– Vi har støtta ulike lokale prosjekt etter at vi etablerte oss i Os sentrum, og synest dette var eit godt tiltak som kan hjelpa fleire i heile regionen, seier Lise Marlen Scheie.

– Vi har no den einaste 6-hjulingen i bergensområdet med beltedrift, fortel Bøe.

Marius Bøe, Lisa Marlen Scheie og Kristin B. Larsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marius Bøe, Lisa Marlen Scheie og Kristin B. Larsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Neste ønskje - båreinnsats bak ATV-en

Ho kom sjølv til Hauge under skirennet, for å møte Røde Kors og sjå ATV-en med det nye utstyret.

Sponsoren fekk òg lufta seg ein tur i terrenget.

– Beltene fungerer fint, og det er ganske enkelt å skifta mellom belte og hjul. Vi bruker rundt ein time å ta på belte, og berre 20 minutt å skift tilbake til hjuldrift, fortel transportleiar og sponsorsjåfør Kristin B. Larsen.

Os Røde Kors er takksame for støtta og glad for oppgraderinga av ATV-en. Men dei ser òg behov for meir utstyr.

– Vi skulle gjerne hatt ein båresats for pasienttransport. Med den rekkevidda vi no har, og det nedslagsområdet vi kan hamna på oppdrag i, er båre noko vi no vil jobba for skaffa midlar til.

Neste ønskje er båreinnsats for pasienttransport. (Foto: KVB)
Neste ønskje er båreinnsats for pasienttransport. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.