Lokal | 03. jan. 2010

Såg hjort i Os sentrum!

Natt til sundag blei det observert hjort på Kyrkjeflaten i Os sentrum.

Såg hjort i Os sentrum!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. jan. 2010 10:47

Bildeserie:

1 av 3

I natt skal det ha blitt observert ein hjort på Kyrkjeflaten.

- Det var eit vaksent dyr, men utan gevir, så det var nok ei kolle, skriv tipsar, som ikkje har bilde av dyret.

Tipsaren sto ved Bar2Be då han spg hjorten midt i Postvegen. Hjorten gjorde så eit byks inn på Kyrkjeflaten, og dukka seinare opp borte ved Rørleggeriet.

Midtsiden.no har vore i sentrum for å sjå etter spor, og fann raskt fleire spor etter klauvdyr på den snødekte flaten ved kyrkja.

I nærleiken av Kyrkjeflaten ligg Tanngarden, der blant anna hjortejeger og tannlege Bjarne Øvredal har kontor.

- Hjorten har nok ising i tenna, men hadde gløymt å sjekka opningstidene våre, seier Øvredal då vi ringte for å fortelja om observasjonane i nabolaget.

Han har ikkje problem med å tru at hjort kan ha kome heilt inn i sentrum.

- Eg har ikkje høyrt at det har vore observert hjort i sentrum før, men når det går hjort i gatene i Laksevg og Sandviken så kvifor ikkje i Os. Vegen er kort frå Borgafjellet og Lonen, og Osmarka og Tøsdal ned til Kyrkjeflaten.

Bjarne fortel at han førre vinter tok seg ein tur med lommelykt frå Lonen til Tøsdal, og såg mykje hjort.

- Det er kan vera kolossalt med hjort i dette området, eg såg sikkert 40 dyr på den eine turen. Nå når det har lagt snø på bakkane så lenge er det ikkje unaturleg at hjorten tar nokre sjansar i jakt på mat, seier Øvredal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.