Lokal | 27. sep. 2010

Selte bollar for Redd Barna

Ein lite flokk med ungar hadde laurdag ein lønnsam dag med kiosk i Stølsvegen. Inntektene gav dei til Redd Barna.

Selte bollar for Redd Barna
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. sep. 2010 13:46

I finvêret laurdag var det mange turgåarar i og rundt Os. I Stølsvegen brukte nokre ungar dagen på å tena pengar.

- Dei selte bollar, vaflar og saft til inntekt for Redd Barna, fortel ei av dei vaksne i gata.

Solveig Enerhaug (10 år) og Rikke Pettersen (9 år) hadde med seg Marthe Pettersen (snart 6 år), Ruben Pettersen (snart 6 år), Ingeborg Skoglund Lokøen (10 år) og Thea Skoglund Lokøen (8 år) til å driva kiosken.

Omsetnaden gjekk til Redd Barna.

Fleire betalte litt ekstra sidan pengane gjekk til eit godt formål. Til saman fekk ungane inn 377 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.