Kultur | 24. des. 2020

Sendte julemagi ut i bygda

Fekk du med deg kommunen si julesending?

Sendte julemagi ut i bygda
Programleiar Mari Lyssand og julenøttservitør Thomas Helgesen prega sendinga saman med fine musikalske innslag. (Foto: Varde/Bjørnafjorden kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. des. 2020 09:19

Siste søndag i advendt sendte Bjørnafjorden kommune julehelsingar i form av musikk, julenøtter, intervju og historieforteljing.

– Dette var eit initiativ frå ordførar Trine Lindborg. På tampen av eit år med færre kulturopplevingar og få julekonsertar ville ho at vi skulle gi noko heim i stovene og ut på institusjonane før jul, seier Stine Kobbeltvedt i kultureininga i Bjørnafjorden kommune.

Ho styrte prosjektet, og fekk god hjelp. Kollega Mari Lyssand frå kommunikasjonsavdelinga stilte som programleiar, komikar Thomas Helgesen serverte julenøttene og ordføraren sjølv stilte til intervju.

Spol 5 minutt ut i videoen - så byrjar sendinga:

Varde Film tok det tekniske, og har spelt inn innslag frå blant anna Borgstova, Os kyrkje og Griegsamlinga i Oseana.

Haavard Skaatun syng «Nordnorsk julesalme», Marita Moe Sandven og Ole Amund Gjersvik framfører ein salme frå 1730 i Borgstova, Victoria Bakka syng med barne- og ungdomskor i Os kyrkje og Eirik Søfteland rundar saman med Tore Christer Storlid av med The Christmas Song.

Sendinga ligg på Youtube og har i skrivande stundt blitt vist 1.031 gongar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.