Lokal | 04. jan. 2010

Sjeldan spett - glad i fett

Familien Skoglund har fått ein spesiell stamgjest i meisebollen.

Sjeldan spett - glad i fett
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. jan. 2010 10:25

Bildeserie:

1 av 2

- Meisebollane utenfor kjøkkenvindauget vårt har blitt flittig besøkt i romjula, men ein dag oppdaga vi ein fugl vi ikkje hadde sett før, sriv Svein Skoglund i ein epost.

Den er litt større enn kjøttmeisene, gråspragla og raud på toppen av hovudet.

- Vi såg gjennom nokre fuglebøker men fann ikkje arten i farten. Men så, i osingen Oddmund Lunde si bok "OS Fjorder og Fjell" frå 1987 fann vi ein som likna, fortel Svein.

Fuglen er ein dvergspett, og den skal vera sjeldan å sjå i Os. Hos familien Skoglund i Nordstrøno har den blitt ein fast gjest.

Ifølgje Wikipedia er dvergspetten på norsk raudliste 2006 i kategorien sårbar (VU). "Han er vanleg i lauv- og blandingsskog i heile landet, utanom på Vestlandet, der han er sjeldan."

Les meir om dvergspett på Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.