Musikk | 06. feb. 2024

Styrer afterski på Voss i heile vinter

– «Kan dåke ta alle helgene til og med påske?». «Ja», sa eg.

Styrer afterski på Voss i heile vinter
Olav og Leif, her då det i 2021 blei ei ledig pandemiluke for livemusikk, har inntatt Fleischer's permanent. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. feb. 2024 19:57

Om ikkje tradisjonane går tilbake til då hotellet i 1889 var nytt, så har Fleischer's Hotel på Vossevangen god historikk når det kjem til å få varmen i seg etter ein dag på ski.

«AFTERSKI med hæla i taket og tenna i tapeten? Det er Fredrik’s Bar det! Fredag og lørdag, hver uke til over påske» skriv Fleischer's på eigen Facebook. Over bilde av to frå Os.

– Vi hadde ein spelejobb for eit selskap på hotellet i oktober. Så ringte dei og spurde om vi kunne spela 17. januar, fortel bassisten Olav Skorpen på vegner av seg sjølv og kameraten, vokalist og gitarist Leif Østrem.

– «Kan dåke ta alle helgene til og med påske» spurde han samtidig. Eg svara ja.

– Så de er ledige alle desse helgene?

– Neida. Dei helgene Leif eller eg ikkje kan, så fikser eg ulike andre medmusikantar. Men eg er oppover på dei fleste helgene, dette er kjekke oppdrag og Voss er ein triveleg stad å ta seg ei helg på hotell.

Leif brukte cirka tre sekund på å føla seg heime på Fleischer's. (Foto: privat/antageligvis Olav)
Leif brukte cirka tre sekund på å føla seg heime på Fleischer's. (Foto: privat/antageligvis Olav)

Det betyr at kvar fredag og laurdag til og med påskeaftan 30. mars er det overhengande fare for at du møte Olav og Leif på afterski, om du tar turen til Voss.

Som komande helg, då begge er sett opp på vakt.

– Fredagane er meir som ein pubkveld, så då startar vi klokka 21. Laurdagen er det ekte afterski, då kjem folk rett frå bakken, og vi startar å spela klokka 16.

– Har det vore bra guff til no?

– Det er ikkje Austerrike, med slalåmstøvlar på borda, og det er tidleg på sesongen. Men førre laurdag var det veldig bra stemning, sjølv om det var kraftig vind og stengt gondol. Det var òg folk som hadde vore i Myrkdalen på ski, som stoppa hos oss for å ha afterski.

– Kva forhold har du sjølv til afterski?

– Eg har vore i Alpane, i Saalbach og Zell am See saman med Leif. Vi har gått god skule.

– Kva låtar måtte øvast inn før dette oppdraget?

– Ingen. Vi kan mange av dei som slår an, låtar som inspirerer til allsong, frå Country Roads til ymse norske slagarar, lover Olav, og håper å sjå ein og annan sambygding i Fredrik's Bar denne vinteren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.