Lokal | 28. sep. 2018

Skiftar namn - men held på namnet

Osbadet består, men selskapsnamnet er av «tekniske» årsaker endra.

Skiftar namn - men held på namnet
Svømme- og badehallen skal framleis heita Osbadet, men det kommunale selskapet har ansvar for utover den våte landskapen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. sep. 2018 12:08

Os kommunestyre stadfesta tysdag at Osbadet KF, organisasjonsnummer 990147493, skiftar namn til Os Idrettspark KF.

– Osbadet er og forblir Osbadet, men førre selskapsnamn har blitt upraktisk, då vi no driftar så mykje meir enn svømmeanlegget, seier dagleg leiar Torbjørg Brattabø.

Særleg når det kjem til rapportering, kan Osbadet KF, som òg driftar dei tre hallane, vera forvirrande for mottakar.

Samtidig er både dagleg leiar, og Espen Aspenes (Frp), opptatt av at namnet Osbadet skal brukast vidare. Namnet er godt innarbeidd i og utanfor Os, noko som var hovudargumentet til Aspenes.

Han kom med følgjande tillegg til vedtaket:

«Os kommunestyre ber Os Idrettspark til å fortsatt framheva merkevara Osbadet i sitt framtidige marknadsarbeid.»

Innstillinga frå administrasjonen, med tillegget frå Aspenes, blei vedtatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.