Kultur | 11. aug. 2015

Skitt fiske!

Laurdag er det igjen tid for å freiste fiskelykka i fiskekonkurranse på opninga av kystsogedagane.

Skitt fiske!
Fetrane Henrik og Kristian Bakke fekk mest fisk i fjorårets fiskekonkurranse. (Foto: KVB)
Kari M. Lyssandtirsdag 11. aug. 2015 13:22

I år er det rundt 10 år sidan opninga av kystsogedagane i Os blei flytta til kaien på Bunnpris Vedholmen.

Sidan har det yra med liv på kaien denne dagen, uansett vêr.

– Sjøl om vi har hatt mykje dårleg vêr så har fiskekonkurransen blitt eit veldig populært arrangement, fortel Kjell Særvoll frå Os Småfiskarlag.

Småfiskarlaget arrangerer konkurransen og Særvoll fortel at det er rundt 100 små og store fiskarar som er med.

– Dei plar få mykje fisk, men storleiken på fisken varierer. Eg har vore med på at vinnaren av konkurransen vann med ein fisk på berre 2,7 kilo.

Sikkerheit er viktig

Når du har meldt deg på konkurransen så får du utlevert ein pose der fangsten skal leggast oppi.

– Me ønskjer at alle som har fått ein slik pose skal registrera seg når dei er ferdig å fiska, om dei har fått fangst eller ikkje.

Særvoll forklarer at alle posane er merka med eit nummer slik at dei kan kryssa dei ut når dei har kome trygt tilbake.

– Vi har og ein til to båtar ute som passar på at alt går bra, og så langt har alt gått på skinner.

Skulle du vera usikker på kor ein kan fiska så har småfiskarlaget kart over området.

Loddsal, galleriopning og underhaldning

Det er ikkje berre fiskelukka ein kan prøva denne dagen. Søre Øyane Sanitetsforening har loddsal og det blir song og underhaldning på kaien.

Fungerande ordførar Marie Bruarøy held opningstala.

I samband med kystsogedagane opnar Vedholmen Galleri si utstilling med lokal kunst og den lokale musikaren Marius Neset står for underhaldninga.

– Eg er utruleg heldig som har ansvaret for dette frå kommunen si side. Det er solide samarbeidspartnarar som er med både i småfiskarlaget, sanitetsforeninga, Bunnpris på Vedholmen og på Vedholmen Galleri. Då eg var med som førstereisgutt i fjor var det som å komma til duk og dekka bord, fortel kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh.

Kulturkonsulenten oppmodar alle til å ta turen til Øyane laurdag.

– Det er inga grunn til ikkje å gjera det. Eg bøyer meg i hatten for den entusiasmen dei viser rundt kystsogedagene der ute, avsluttar han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.