Fotball | 06. mai 2024

Sleivkast 07: «Fire kampar frå Europa»

Før 4. runde i NM: Svein Kollen og Alexander Dang besøker studio.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mai 2024 20:29

Sleivkast er Midtsiden sin nye podkast, starta før serieopning våren 2024. Programleiar Davy Wathne styrer Sleivkast saman med fotballekspert Lars Bakkerud. Sleivkast blir òg gjort tilgjengeleg der du høyrer podkast ein dag eller to etter at videokasten er publisert.

Episode 07: Fire kampar frå Europa

Dagens gjestar: Svein Kollen og Alexander Dang

Måndag 6. mai, to dagar før Lysekloster tar imot Eliteserie-klubben KFUM i 4. runde i NM.

Toppskårar Alexander Dang fortel om miljøet i klubben, sportssjef Svein Kollen snakkar om Lysekloster sin posisjon i bygda og bergensfotballen.

... og om sjansane dei har til å ta seg til kvartfinale i cupen.

Eller som dei seier i Lysefjorden om dagen; «vi er tre kampar frå cupfinale og fire kampar frå Europa».

Podkast og varsel

Sleivkast er òg tilgjengeleg som lyd åleine. Podkast blir som oftast publisert cirka eit døgn etter videokasten.

Trykk gjerne på abonnér, så får du varsel når vi er ute med ny episode.

Hugs å tipsa andre som kan ha glede av Sleivkast!

Har du kommentar til episodane eller tips om tema eller gjestar? Send til oss på tips@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.