Øyafest | 05. jan. 2024

Stavangerkameraten Tommy speler gratiskonsert i Øyane

Kjem som soloartist med sine eigne låtar til Humrahølo i august.

Stavangerkameraten Tommy speler gratiskonsert i Øyane
Her med Stavangerkameratene på Øyafest 2023. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. jan. 2024 08:00

I fjor sommar var Stavangerkameratene nest siste band på scenen under Øyafest.

I dag slepp Øyafest Tommy Fredvang som artist til Øyafest 2024.

– Øyafest er ein av dei mest koselege plassane me har spelt, og dei som driv festivalen var ein heilt herleg gjeng, seier Fredvang til Midtsiden.

Det var under ein prat backstage med festivalleiinga at han, utan å veta det sjølv, selte seg inn til årets kickoff.

– Han fortalte om solokarriera han har parallelt med Stavangerkameratene, og nemte «føling i fjøra». Det er jo ikkje heilt ulikt det me prøver å få til i Humrahølo, så allereie då tenkte eg at det kunne henda at me kom til å snakkast igjen, fortel festivalsjef Ivar Bøthun.

– Me er naturlegvis stolte over å kunna presentera ein så kjent og god musikar som Fredvang til ein familievenleg gratiskonsert, og trur solomusikken hans kan passa godt til scenen og publikumet, seier Bøthun.

No er det klart at Fredvang speler i Humrahølo torsdag 1. august i år.

– Eg sådde tydelegvis nokre frø utan å veta det, og er veldig glad for at eg får koma tilbake, seier Fredvang.

Tommy (t.v.) var ein av Stavangerkameratane som gledde seg mest over å vera på Øyafest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tommy (t.v.) var ein av Stavangerkameratane som gledde seg mest over å vera på Øyafest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fredvang har vore svært produktiv dei siste åra, og gjeve ut 7 album på 7-8 år, inkludert to med Stavangerkameratene og inkludert eit album som skal ut til våren.

– Eg har skrive låtar sidan eg var 17 år. Det blei eit par år med pause i dei første åra med Stavangerkameratene, men no gav eg ut soloalbum både i 2020 og 2022. Det kjem eit nytt album, «Tidløs», som har sleppefest i Oslo 12. april og ny konsert i Stavanger 13. april.

– Så blir det ein vårturné før eg skal på turné med Stavangerkameratene i sommar, med Øyafest som eit fint solo-avbrekk i starten på august.

Fredvang skulle rett til Spania og gifta seg etter Øyafest i fjor. Det kom fram i praten med Bøthun, som sjølv var blant mange frå Øyane som skulle til same stad i Spania den helga, i eit anna bryllaup.

– Han inviterte meg innom bryllaupet hans, men eg måtte ikkje seia noko til dei andre Stavangerkamaretene, for dei var ikkje invitert. Så eg sa det sjølvsagt til dei andre, seier Ivar og ler.

Humrahølo i 2022. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Humrahølo i 2022. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Scenen i Humrahølo må kanskje byggast noko større i år. «Tommy Fredvang - Tidløs trio» er nemleg ein ... trio.

Med seg har frontfiguren to dyktige og erfarne musikarar Alexander Flotve (gitar og perkusjon) og Espen Gullbrandsen (piano, bass og gitar).

Flotve var òg på scenen på Øyafest 2023, som del av Busserulls.

Alexander Flotve speler både med Leif & Kompisane, Busserulls og Tommy Fredvang. Her på Øyafest 2023. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Alexander Flotve speler både med Leif & Kompisane, Busserulls og Tommy Fredvang. Her på Øyafest 2023. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fredvang blei først kjent frå X-Factor i 2009. Seinare har han blant anna vore på tre turnear med «Vi elsker ABBA» for fulle hus.

– Eg er glad for at eg, innimellom andre prosjekt, har fått jobba mykje med min eigen musikk. På albumet «Tidløs» føler eg verkeleg at eg har funne meg sjølv og min «tune». Eg gler meg til å sleppa plata, og er spent på responsen.

Øyafest går i år av stabelen frå 1. til 3. august.

Sånn er programmet - dag for dag

Torsdag 1/8 - Humrahølo
Tommy Fredvang
(fri entré, inga aldersgrense)

Fredag 2/8 - Sundøy Arena (telt)
Vinskvetten
(utselt)

Laurdag 3/8 dagtid - Sundøy Arena
Program kjem.

Laurdag 3/8 - Sundøy Arena (telt)
Pakkers
Christer Sundøy Røttingen
Goggen

Laurdag 3/8 - Sundøy Arena (hovudscenen)
Marion Ravn
Lukas Graham
Ringnes-Ronny

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.